torsdag, november 01, 2007

Den nynorske tresemje-formelen

"Edmund Austigard høyrer til i det absolutte tetsjiktet i det sterke nynorske humorfeltet, saman med moromenn som Ragnar Hovland og Are Kalvø. Den som likar dei, vil ha det topp saman med Austigard."
Skriv Dagsavisen om denne boka.

Den som likar Hovland likar Kalvø. Og den som likar Kalvø likar Austigard. Og den som likar Austigard likar Hovland. Enkel logisk nynorsk tresemje.

Den som likar A likar B. Den som likar B likar C. Og den som likar C likar A. Dersom nokon derimot berre likar A men ikkje B vart det derimot litt meir usikkert med C. Og dei som berre likar C kan ein no ikkje vere trygg på. Noko gale med barndommen då, kanskje. Og dei som berre likar anten A eller B eller C, dei altså...

Kva med dei som likar Kjartan Fløgstad for resten? Altså D. Kan dei og like A, B og C? Noko ergerlig i tilfelle for då går jo heile denne teorien om tresemje-formelen til helvete.

PS:
Tresemje? Nei det har då ikkje noko med tre å gjere! Han Hellevik seier at ein og kan bruke ”treeinigheit” men der protesterar stavekontrollen min vilt!

PS 2
Jo då, eg skal sjølvsagt lese denne boka, men eg må vel lese nokre fleir barne- og ungdomsbøker fyrst. Til jul tenkjer eg. Eg ser jo og at handlinga finn stad ved juletider, får vone ho ikkje tek heilt av i juleørska! Men kjenner eg forfattaren rett (riktig nok etter berre å ha lese ei halv bok og litt meir) trur eg ikkje det.

Altså – meir kjem til jul ein gong.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg liker både Ragnar Hovland, Are Kalvø og Edmund Austigard. Så for meg funker denne påstanden. ;-)

Beckström-boka var langt lettere og raskere å lese enn "Krinsereglane". Om det er noen trøst?!

elis lesebabbel sa...

Jepp! Det var det. Eneste jeg er litt skeptisk til nå er at hovedpersonen er så stein gammel. Kommer til å lese boka nærmere juletider. For å komme i julestemning?

Anonym sa...

Jo - det synes jeg var en utmerket idé. ;-) Det er absolutt en julebok. Den handler jo i det store og hele om julaften, med visse tilbakeblikk, så snø og ribbe er det ingen mangel på. Ei heller Larsen Cognac. ;-)