søndag, september 02, 2007

Eg tek ei krinsepause

Eg har kome eit godt stykke i denne boka, men no lyt eg ta ei lita pause. Det vart reint for mykje.
Tida er altså mellomkrigs, staden den lille bygda Årdal der dei krinsar i kring seg sjølve.
"At me mest har det for lunt og varmt her inne under skodda til å bry oss om anna. At me ikkje kjenner smerte slik som andre, fordi knausane våre er for runde”
Og store forandringar toler dei ikkje, berre det at ein ny kaffisort kjem til bygds lagar store vanskar for innbyggarane. Og bygdesladderen er og hard å bere, og ein skal altså halde sin plass i krinsen og krinsa etter reglane.

Dei som er med;
  • Eg, han som fortel, som lid av varmgong på innsida av panna,
  • Dei tre brør hass
  • Og han Far.
  • Gamle Lendsmannen, som har mykje makt,
  • Himagarden, som og har mykje å seie,
  • Frøken Halbakke, lærarinna
  • Maskinist Larsen som det gjekk så gale med, han fekk stempelet gjennom fjeset, og fekk ”endeleg oppfylt draumen sin om et maskindrive liv” .
  • Kyrkhus-folket som freistar å bryte ut av krinsane, og lage eit treskjeverk , og sprette litt opp i pyramiden, og ”endre alle reglar for korleis dei ulike gardane høyrer til i rangeringa”,
  • Ola Korthus, som og har opplevd verda utanfor
  • Med fleire.
Alle treskemaskinana spelar og ei ganske viktig rolle i handlinga. Og så lyt vi no ikkje gløyme alle dei flotte orda då, gladreferanse, himlaleitet, (”Noko var sett i omgjenge her i dalen som dei handlande ikkje heilt såg himlaleitet av”) kveldsaurebordet, skinngrunnar, vedaskuten, hekkanskap, vasskadl, nyhende til dømes. For ikkje å snakke om desse orda : kringsyndritar, trippeldritar.

Handlinga er altså frå Ryfylke og for alt eg veit er det uttrykk frå denne staden. Om folk snakkar slik i dag veit no ikkje eg, men boka har eit framifrå gildt språk. Det skal forfattaren ha.

Når det er sagt : eg er einig med ho Leselama i at dette er ei bok som krev tid. Ikkje ei krevjande bok men tidkrevjande. Og – handlinga står liksom litt stille nokre gonger. Eg tek meg i å sakne litt framdrift innimellom all krinsinga. Det vert no ein og annan longør. Langøyre? Langdrøyge?

Eg fekk altså så hekkande lyst til å lese denne boka no, så derfor legg eg frå meg denne ei stund, ellers vil denne andre boka berre øydeleggje for leseopplevinga. Men eg har no planar om å komme att til denne boka ein gong. Og lese resten og.

Og så ein liten FAQ :
Er denne boka høveleg for alle som likar bygderomanar.
Nei

Kan eg tilrå denne boka åt dei som likar å lese bøker med eit særs kreativt språk?
Ja

Og litt sånn ”odde” bøker?
Ja

PS: no kom eg plutseleg på ein annan nynorskforfattar, Arnfinn Kolerud heiter han og han er ein spenstig forfattar. Han er og litt sånn ”sær”, og har skrive tre bøker. Det må vere ein orsak til at eg kom på bøkene til denne forfattaren no, i kvart fall er det ein forfattar eg kan rå dykk til å lese!

PS 2 : ”Eg fekk slik hekkande lyst” . Eg veit ikkje om det var rett bruk av ordet, eg trur kanskje ikkje...

5 kommentarer:

Tonita sa...

Her var det mange ord som ikke jeg lærte på skolen ja.
Jeg liker godt nymorsk, - men merker at det butter litt om det blir for mange vanskelige ord.
Har derfor ikke helt bestemt meg for om jeg skal lese Anna Gevalda på nynorsk eller fransk.
Skal jeg støtte utgivelsen av nynorskspråklige bøker - eller jobbe litt mer med fransken??

elis lesebabbel sa...

Jeg har lest en bok av AG : Saman er vi mindre aleine. Fikk den av min sønn til jul, ikke denne jula men den forrige. Etter eget utsagn brukte han en time i bokhandelen og slet ut to ekspeditriser hvorav den første foreslo kaffemaskin istedet. Kanskje derfor jeg har så sterkt forhold til boka.

Anbefales, blant annet var det en fantastisk skildring av livet på et restaurantkjøkken i Paris, verdt hele boka bare det. Kanskje den ble litt i såpeste laget mot slutten? Men en skikkelig feelgood-bok.

leselama sa...

Sant det, den tar litt tid. Det er litt lite driv til tider. Enig!

Men om du tar pause... klarer du å ta den fram igjen da? Selv har jeg en tendens til å legge dem helt vekk da.

elis lesebabbel sa...

Kanskje, kanskje ikke Leselama! Men nå står det ingenting i leseloven om at man MÅ lese ut de bøkene man begynner på. Så jeg lover ingen ting...

leselama sa...

Nei, selvsagt gjør det da ikke det. Jeg hadde bare vært nesegrus av beundring om du hadde klart det, siden jeg slettes ikke er så god på det selv. Når jeg legger vekk ting, har de en tendens til å bli liggende dørgende stille. Sånn for alltid, liksom... ;-)