Viser innlegg med etiketten Stig Elvis Furset. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stig Elvis Furset. Vis alle innlegg

tirsdag, juni 10, 2008

Heia Braaann!!

Og då har vel i det minste nokre ein mistanke om kva bok dette handlar om. Dette er og ei bok om ein pasjon, slik som den forrige boka eg nett har lese. Boka skal vere for ”Alle som sett laget over seg sjølv” . Om nokre i til dømes Klanen vil lese ei bok skriven av ein Brannsupportar er no ikkje eg så sikker på, men artig lesning for alle oss andre!

Nokså snedig diktar han og inn denne karen, og sjølvsagt (for oss som veit litt om denne forfattaren frå før) denne. Forma er ei blanding av fakta og fiksjon (???) og hovedpersonen minner ikkje så reint lite om forfattaren sjølv.

”Eg har teke fri frå jobben på biblioteket i dag, der eg er barnebibliotekar. Eg er fri frå småbarnsmødre med irriterande og usjarmerande gullungar på slep. Småbarn er noko av det absolutt verste eg veit på denne jord”. (s 18) (Eg kan ikkje for det altså, men eg humra godt over denne! )

Men han hatar nok NFF, RBK, Per Ravn Omdal, Daniel Namskog, han Fjørtoften og Hareide og ... ja dykk kan no tenke dykk sjølv... meir.

Forfatteren er ikkje nokon medgangssupportar slik som ein viss ordførar til dømes og nett no byrja eg å tenke på Tribunefeber av Nick Hornby. Denne boka handla og om å vere supportar for eit lag i gode og onde dagar. Men er alle Brann-surportarar alltid like pessimistiske som han Stig Elvis?

Men faen folkens! Veit dokker ka! Brannsupportarane syng alltid Min nystemte før kampane! Eller Nystæmten som dei kallar denne sangen der borte! (Eg må no flire og)!

Men herregud då, Cappelen Damm. Kva er no det her for eit omslag! Det var no litt på den glorete sida for meg i kvert fall!

Og boka heiter altså Den raude veggen og er skriven av Stig Elvis Furset

torsdag, april 19, 2007

Årsmøtereferat

IBBY Norge har hatt årsmøte. Det saklige referatet kommer snart her mens denne bloggposten kommer med litt nødvendig utfyllende stoff.

Som vanlig var det nok vin både av rød og hvit. Og Pizzaen var av godt gammelt merke. (Nei ingen reklameinntekter å hente dessverre).

Og som vanlig var barne- og ungdomsbibliotekaren på dette biblioteket i slaget, og som vanlig ble det ingen borddans i år heller. Og som vanlig ga han bort originale gaver til dem som fortjente det, den goklumpen! (Ås bibliotek! Hva mener dere egentlig med den enhjørningen som logo? I en landbrukskommune? Har de begynt å eksperimentere med nye kusorter i nabolaget?)

Og som vanlig fikk de som gikk av flotte gaver, og den avtredende revisoren fikk gavekort på polet.

Og som vanlig var det program. Og som vanlig var det nei jeg mener denne gangen var Ellen Christina Sjøwall som snakket om bokdesign. Og jeg som ikke visste at det er hun som har laget omslaget til denne, denne og denne boka. Med flere. Visste du at hvis ikke et omslag klarer å fenge i løpet av 35 sekunder har boka tapt. Men hva hjelper det at forsida fenger når det er så mange dårlige vaskesedler på barne- og ungdomsbøkene?

Men aftenenes hovedattraksjon var ein bibliotekar frå helvete som han kallar seg sjølv. Det finst mange slags bibliotekarar, barne- og ungdomsbibliotekarer til dømes, og hovudbibliotekarar, musikkbibliotekarar, avdelingsbibliotekarer, boka-kjem-bibliotekarar, skulebibliotekarar men då gidd eg altså ikkje ramse opp fleire. Poenget her er at det finnst berre ein Elvis-bibliotekar. Og det er kanskje nok. Eg meiner – landet vårt har vel ikkje plass til stort fleire. Stig Elvis vert snart 40 år gamal, nett som det var noko å skryte av, men ei gåve fekk han no, vi spleisa på eit særs stileg Elviskostyme og han kvitterte med ei Elvis-framsyning så heile ”Halvbroren” dirra! Eg vonar du var fornøgd med publikummet ditt, Stig Elvis. Eg på mi side er no framleis litt heis i stemma!

PS: Wikipedia : altså : Stig Elvis har skifta jobb, han.

PS 2: En powerbook (mac) er ikkje det beste for å spele råkkenråll men nokre flinke jenter fann no ein kabel og då byrja det skikkeleg å svinga.

PS 3 : The King was back for ei lita stund, før han forlet bygningen att.

PS 4 : han steiiiike kor det svinga, folkens!

PS 5 : Ja eg reknar jo med at alle veit at det no er 30 år sidan Elvis døydde. Elvis er død (ja dette er det no og ulike meiningar om) men Stig Elvis lever.

PS 6 : Nei ein kan vel ikkje rekne med at alle veit såpass ein gong. På denne nettstaden kan du få nokre smake (eller høyre-) bitar frå denne store artisten.