fredag, desember 05, 2008

Grovt språk, vold og eksplisitt sex

Ja kva gjer ein ikkje for å få ungdomen til å lese på nynorsk! Terje Torkildsen har skrive ei bok som han sjølv seier er ”ein spennande samtidsroman skreddarsydd for unge lesarar”. Boka er skrive i samarbeid med ein skuleklasse i Stavanger og for å vere heilt ærleg er eg ikkje så sikker på kor smarte slike prosjekter eigentleg er. Skal ein gjere alle til lags kan det fort gå gale. Ein sjef til dømes som vil få alle til å like seg kan fort komme oppi eit uføre. Trur nok at det beste er at forfattaren tør vere sjef over si eiga bok, og ikkje drive å ta omsyn i øst og vest. Eg vart ikkje så fenga av denne boka, ho hadde ikkje nerve rett og slett. Eg syntes heller ikkje thrilleren vart så eventyrleg som vaskesetelen lovar. Men eg har no og lese verre debutantar så betre lykke neste gong. Kanskje då utan ei heil skuleklasse å ta omsyn til. Utan at eg no skal gje desse stakkars elevane skylda!

Denne boka skal etter kva litteraturkritikar Ola A. Hegdal seier vere særs sexifisert. Og jo då, det er då eit kjærestepar som har sex i boka. Og det er og valdelege scener. Og det er riktig at det
”blant annet en scene der den onde skogvokteren knabber trusa til Marcos kjæreste, og legger seg for å lukte på den og onanere mens Marco gjemmer seg under senga”.
Så seier Hegdal vidare at
«Dette er ellers kjennetegn «Marki Marco» deler med mange av romanene fra Samlaget. Her har man bestemt seg for at bannskap og kopulering er det som skal til for å få ungdommen til å lese nynorsk,»
Og då er det at eg melder pass, altså! Eg har no lese dei fleste av ungdomsbøkene frå Samlaget i den seinare tid og eg kan ikkje forstå at det er meir bannskap, sex eller vald i desse bøkene enn i andre ungdomsbøker. No har jo eg – i motsetnad til han Hegdal , som ikkje har lese ei ungdomsbok på 30 år før altså no – lese uhorveleg mange ungdomsbøker dei siste 30 åra. Så det kan jo hende at eg har vorte herda. Eller heilt sløva.

Vi som har lese og formidla ungdomsbøker over tid veit jo at ungdomsboka i minst like stor grad som vaksenboka er ei gjenspegling av den verda vi lever i. Slik har det vore sidan slutten av 60 – åra då det skjedde mykje med barne- og ungdomslitteraturen i samsvar med radikaliseringa elles på denne tida. Og der ute finst det altså ungdomar som har sex, anten vi likar det eller ikkje , dei seier stygge ord, det er vald og mykje anna fælt. Og dette må det og kunne skrivast om. (Eg hadde for å vere ærlig ikkje trodd at det skulle vere naudsynt å skrive dette i 2008).

PS: Nokre meiner at det er så flott med debatt rundt barne- og ungdomsboka i avisene, at det nesten er det same kva som debatterast og det seier vel og noko om kor desperat lite merksemd denne litteraturen får. Men akkurat dei debattane som har vore i Dagbladet i haust kan no i kvert fall eg styre meg for! Då er det mykje anna som kunne vere meir interessant å diskutere når det gjeld barne- og ungdomslitteratur. Det er jo og litt underleg at det er akkurat Dagbladet som lager slikt oppstyr av all denne sexen i barne- og ungdomsboka, når ein tenker på kva denne avisa kan smøre utover heile framsida og som heller ikkje ungar kan unngå å sjå dersom dei til dømes går forbi ein aviskiosk!

PS 2 : Kva meiner forresten Ola A. Hegdal med ”masse sex av forskjellige typer”? Alt anna enn den gode gamle misjonærstillinga då eller?

Ingen kommentarer: