søndag, september 23, 2007

Ungdommens råskap

Eg går rett på rollelista:
  • Susi, 15, vert mobba av dei andre jentene på skulen. Ikkje vert ho invitert på bursdag eller noko.
  • Mora. Susi har eit godt forhold til mora. Sjølv om ho kan vere litt masete nokre gonger. På mødrers vis.
  • Karen, Åse og Ellen trur eg det var. Nokre skikkelege intrigemakarar.
  • Kjærasten til mora, og den valdelege
  • føre dette kjærasten hans.
  • Og nokre gutar i klassen, til dømes
  • Jakob som vert utsett for seksuell trakkasering av de fæle jentene på ein fest, og
  • Peter, som er ein skikkeleg gut. Altså med trykk på skikkeleg! Altså ikkje skikkeleg GUT, men SKIKKELEG gut.
  • Ein hamster som døyr, og må leggjast i frysaren til vårløysningen.
  • Oj! No heldt eg på å gløyme Nazan
Og då kan eg jo like godt byrje med ho Nazan. Susi vert altså utsett for jentemobbing av verste sort, terrortelefonar og anna. Og så – og folkens – dette er ein mogleg ****spoiler**** altså, men då denne jenta byrjar i klassen til Susi løyser det meste seg for ho. Dei vert bestevenner. Litt lettvint kanskje? Men eg tykkjer ikkje det etter å ha tenkt meg litt om.

For denne boka kan liksom ikkje lesast som ein slik pedagogisk temabok om mobbing. Det er litteratur vi snakkar om no. Kanskje forfattaren berre ville ha eit taktskifte. Takt ja, eit piano eller pianospeling speler og ei rolle i boka. (Nei nei! Ikkje dette musikkstykket då!!! )

Denne boka er – slik det brukar vere i Rønnaug Kleivas bøker – knapp i stilen. Med få ord og setningar får ho sagt uendeleg mykje om ungdommens sårbarheit. (Faen og, altså, ”sårbarheit” slo svært dårleg ut på nynorskstavekontrollen min) .

Og no har eg fått ein ny kandidat til ”Giskeprisen”. (Dette vert meir og meir spanande. )

Samlaget, då! Altså denne boka kan ikkje brukast når ungdomsskuleelevane kjem på biblioteka for å låne nynorske bøker i nynorskopplæringa! Ho er jo på under 100 sider. Berre ti sider til!!! Hadde det vore for mykje å be om!

Boka har no ein tøff tittel og, då. Andre sida av Paris. Men enda ei av årets Samlagetbøker har Paris i tittelen. Så Paris er rimeleg hot hjå Samlaget i år!

PS: Denne boka som eg har blogga om før handlar jo og om pianospeling. Dersom det finst enda ei bok med pianospeling i årets barne- og ungdomslitteratur kan ein byrja å snakke om ein trend. Pinanotrenden. Det året det var så mykje pianoar ungdomslitteraturen. Og kva som kunne vere grunnen til det. Kanskje dette er stoff for ein heil bloggpost? Eller ein forskingsoppgåve for dei som driv med slikt.

3 kommentarer:

Tonita sa...

Her var det ikke mye glede.
Men du liker sikkert mye du Eli. Jeg har blitt utfordret, og tagger deg hermed. Se min blogg fra i dag.

elis lesebabbel sa...

Jeg liker gode bøker uansett hvor triste de er. MEN altså - denne boka slutter nå ganske bra da. DET kom kanskje ikke helt klart fram.

Nå leser jeg en bok om kollektivt selvmord som jeg er litt mer usikker på om jeg EGENTLIG liker.

Apropos tagginga så bryter jeg kjeden her og nå og får heller ta de konsekvenser det måtte medføre. Lyn fra klar himmel? Jorskjelv? MAC-en krasjer? Sykkelen sklir på trikkeskinna og jeg blir påkjørt og drept? Men DU har i hvert fall gjort jobben din, Tonita!

Tonita sa...

100 % forståelse for brudd.