søndag, september 23, 2007

Snadder, folkens!

Det er slike bøker som gjer at ein overlever enno ein barne- og ungdomsbokhaust!
For tredje gongen møter vi dei to venene våre, han Odd og kameraten hans Per Tore. Det er Odd som er den forsiktige av dei og Per Tore er no ein meir framfusen kar. Og boka handlar altså om .... ja kva er det no boka eigentleg handlar om då!

Jau, altså gutane driv med utpressing, dei vil presse fotballtrenaren for pengar. Dei leikar papparazziar og har knipsa trenaren når han kastar eit gammalt kjøleskåp rett ut i naturen. Og stort meir ytre handling er det no ikkje.
For resten. Boka handlar og litt om gleda ved å slå gras!

Men Odd er no ikkje så heilt komfortabel med situasjonen for
”utpressing var eit ord som høyrte heime i mafiafilmar og torturkjellarar i utlandet, og kanskje i fødestover, men ikkje i livet til ein fjortenåring i Møre og Romsdal. Kanskje på Sunnmøre forresten, men ikkje i Romsdal. Han var heilt sikkert den einaste i bygda, saman med Per Tore som dreiv med slikt.”
No gidd no ikkje eg å sitja her å drive med avskrift heller. Eller forresten, eg tek med den der instruksen for munnbruk på fotballbana:
”Dei næraste naboane har i det siste klaga over mykje stygg munnbruk frå bana. Som kjent blir det banna mest i samband med dårleg spel. Styret vil derfor be alle brukarane om å spele betre”
Og her kjem eit par av reglane for kva ord som er forbodne:
”2. Ræva og rasshølet og alt som kjem ut av ræva og rasshølet i form av møkk og drit og bæsj og skit og lort.

3. Mannlege og kvinnelege kjønnsorgan, også dyra sine, for eksempel hesten sin, eller beveren sin, eller snigelen sin” .
(Ja, det er no slikt eg ler godt av!)

Det fine med denne boka er no nett dette språket då, med alle ordspela og bokstavleikane. Og dei herlege replikkvekslingane. Å, kor eg kosa meg med denne boka!
Få til dømes med dykk den herlege sekvensen då Odd og foreldra gjer sine tankar om menyen på ein restaurant som nokre tyrkarar driv. Og om språk. Det er til dømes ikkje så lett å finne ord med dobbel v, q, x eller z. Eller dobbel j heller for den delen. Har for resten nokon smakt Åndalsnes spesial eller Veblungsnes spesial? Eller kva med ein pizza som ... nei for resten, les boka sjølv!

Og veit dykk til dømes kvifor skyene på Austlandet gjer at ungane der er betre til å skrive stil enn ungane vest på?

Då er det berre å avslutte med ein FAQ att. Eller på nynorsk : MSS.

1)Var dei no ikkje litt barnslege desse to gutane. Dei var no trass i alt ein 14 – 15 år?
Jo, men det er no kanskje slik dei er på denne staden?

2) Ein kan jo ikkje nett seie at det er så mykje action i denne boka. Det skjer jo eigentleg svært lite. Korleis trur du ungdomane vil like denne boka?
Nei kanskje ikkje, men det er vel eigentleg deira problem

3) Og det der kapitlet med han naboen som driv å grunnar over boka Familien på Gilje av Jonas Lie. Det gjekk no med nokre sider. Trur du at ungdomane får noko særleg ut av det?
Nei, ikkje så mykje kanskje ...

4) Men kva skal vi gjere då. For å få ungdomane til å lese boka.
Nei det vert no vel ei tørn, det ja...

5) Og trur du vaksne gidd å lese ei ungdomsbok?
Nei, det er vel så det, ja. Men dei kan no godt lese ho for omslaget er no heller ikkje sånn typisk ungdomsbok. Så dei kjem ikkje til å skjemme seg ut på T-banen til dømes.

6) Men er boka verdt alle K-fond-pengane då. Dersom ingen vil lese ho?
Ja. God litteratur er verdt kvar einaste krone. Dei som ikkje vil lese denne boka har seg sjølv å takke.

7) Då kunne du kanskje til slutt fortelje kva bok dette handlar om?
Ja, orsak! No er det Zoomarferien av Arnfinn Kolerud eg skriv om. (Nokon lyt oppdatere sida på wikipedia.

9) Denne forfattaren har jo fått ein rekke prisar for bøkene sine. Det er vel kanskje ein pris i vente for denne boka og?
Ja eg hadde no vorte forundra elles.

10) Ein pris til ein bok som berre nokre få kjem til å lese altså?
Nei no altså! Du er no heilt FrP og då! Dessutan er dette KULT, og kultbøker skal altså ikkje ha så mange lesarar! For då vert det nemlig inga kultbok!

Ein PS kan vi no og koste på oss:
Er det nokre av denne bloggens lesarar kjem på nokre andre ord med dobbel j enn nett hasjjævel. Ja bortsett frå tjejjogging då, men det er svensk. Det var no norske ord eg meinte. (Eller dobbel v, q, x eller z.)

Ingen premie denne gongen men ein gylden moglegheit til å imponere!

11 kommentarer:

Kjellrun Breidalen (MVS) sa...

Kjære Eli!

Arnfinn Koerud si bok Zoomarferien kjem til å verte lansert på Måløy vidaregåande fredag 5. oktober. " Kolerud har overlete ansvaret til ungdomslesarane sine. 2.klasse studiespesialiserande har tatt på seg oppdraget og gler seg til lanseringsdagen. Du er hjarteleg velkomen!

elis lesebabbel sa...

Om eg greier å karre meg så langt vestover til den tida veit eg no ikkje, men eg skal no fylgje med på nettsida dykkar!

Kjellrun Breidalen sa...

Supert! Det er ei grei avtale - sjølv om Vestlandet uansett er verdt eit besøk. Du har mykje kunnskap og ein flott blogg. Men det veit du sikkert.

Og eg støttar deg i synet på Kolerud sine romanar. Eg kosar meg med ordspela og mange av bileta han skaper.

elis lesebabbel sa...

Hei igjen Kjellrun
(Dritstileg namn forresten!)
Eg vonar og at desse ungdomane dine vil like boka.

Eg har no vore på Vestlandet før, sidan mannen min er sunnmøring. Ferda gjekk ikkje heilt til Måløy, men til Eid og så nordover. Så det er mogleg at det beste står att :-)

Takk for ros! Joa. Jeg har jo vært i bransjen en stund. Jammen er du heldig som får "vasse" i ungdom dagene i gjennom.

Selv om det sikkert også byr på en og annen utfordring.

Eli

Kjellrun Breidalen sa...

Takk for det! Har aldri hatt problem med namnet i Noreg - verre i Frankrike og England...

Det beste står heilt klart att! :-)
Måløy er jo midt i havgapet!

Eg er veldig heldig som får undervise ungdomar. Arbeidet er krevande - mykje arbeid kvar kveld og i helgene -, men ufatteleg givande.

Klassa som no lanserer "Zoomarferien", kjenner allereie Kolerud. I fjor las dei "Den som ikkje har gøymt seg no..." i norsken. Eg underviser ikkje i norsk, men eg trur meiningane om boka var forskjellige. Og det er alltid bra! Men dei kan no ikkje ha mislike ho sterkt sidan dei allereie har lese "Zoomarferien", og er i gong med lanseringa av denne. Håper i alle fall det kjem ein del folk, og at dei føler at dei har lært noko.

Kjellrun

Anonym sa...

eg tykkjer bibliotekarar med ausltandsdialekt ikkje skal omsetje språket sitt til nynorsk, det vert så "Dritstileg"

elis lesebabbel sa...

Det er faktisk språkleg fridom her i landet! Dessutan er det min blogg så eg skriv akkurat slik eg vil!

Kjellrun Breidalen sa...

Hei igjen!
No er boklanseringa over. Gå gjerne inn på www.maloy.vgs for å kikke.

Har forresten nokre ord til deg:
tusjjakt, dusjjente, gulasjjulebord, stæsjjag, kvikk lunsjjente, hysjjammer, hasjjente, lunsjjulebord.

Ha ein kjekk dag!

elis lesebabbel sa...

Kjellrun!
Jeg har vært bortreist i embeds medfør noen dager (litt preget av det akkurat nå - derfor dette litt vassne bokmålet) og har hatt en bloggpause. For en språklig fantasi! Jeg er imponert! Kom ikke inn på webadressa akkurat nå men prøver igjen!

Anonym 2 sa...

Hei :)
Jeg "googla" litt rundt om Zoomarferien, og fant bloggen din. Jeg er en ungdom på 15 år, og er litt overrasket at du, og mange andre, likte denne boken så godt. For meg var det den kjedeligste boken jeg har lest på lenge.

Jeg har funnet ut at boken er rettet mot ungdommer i 10-12-alderen, men det virker som om det er flere vokse som liker den.

Men ikke noe negativt om dine valg av bøker. Jeg ville bare dele mitt synspunkt :)

elis lesebabbel sa...

Så du likar ikkje boka altså :-) Bare fint at du deler dine synspunkter på bøkene jeg skriver om! Kom gjerne med flere innspill! Anytime!