mandag, september 17, 2007

Ein nynorskpause

Å nei kor det skin i lauv og li!
Her sit eg med to av dei aller beste nynorskforfattarane for born og unge. Nei ikkje sjølve forfattarane, då, men bøkene deira.
Folkens: berre sjå her:
Arnfinn Kolerud og Rønnaug Kleiva.
Siste barneboka til Rannaug Kleiva kom ut for to år sidan og det var ei billetbok. Ellers er det nokre år sidan det kom ut ei barne- og ungdomsbok frå denne gode forfattaren. Og Arnfinn Kolerud har no berre skrive 4 bøker sidan 1996. Medan andre forfattarar som eg ikkje skal nemne her skriv opptil fleire bøker kvart einaste år så er det kvalitet og ikkje kvantitet som gjeld for desse forfattarane.

Og tenkjer eg byrjar med ein Zoomarferie eg. Og så går ferda til andre sida av Paris etterpå. Så den amerikanske fjortischicklitten får vente.

Eg hugsar godt då ”Berre ikkje brøyteplogen kjem” kom ut. Den boka fekk no og kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur i 1996.

Meir kjem om både Zoomarferien og Andre sida av Paris.
PS: Samlaget : Denne websida dykkar altså!

1 kommentar:

Tonita sa...

Og jeg gleder meg til Gevalda, - og det blir i nynorsk oversettelse - ikke i original.
Jeg får være tolmodig, - det er to før meg på leselista.