Som du sikkert skjønar er det no eg skal skrive om Ragnar Hovlands siste ungdomsbok. Denne forfattaren er som ketsjupflaska, fyrst kjem det ingenting og så kjem det ingenting og så kjem det både ei ungdomsbok og ei bok for vaksne. (Ja ja som dykk sikkert skjønar er dette billedleg tala, aldri har no eg opplevd at det har kome bøker ut av ketsjupflaska – berre nok raudt kliss!)
Det er slike bøker som gjer livet ljosare for barne- og ungdomsbibliotekarar. Det er ikkje i desse bøkene ein berre hoppar over sider og jamvel heile kapitlar. Eg seier det med ein gong : eg er nasegrus for denne forfattaren! Ingen bokslakt i denne bloggposten!
Dei som er med:
”Eg” 14, som forlet familien når foreldra fortel at dei skal skiljast og finn seg eit gammalt hus i skogen.
Dobbel-Aksel, ein mann som hengde seg
Hilmar, ein skogens mann med ei fortid
Tomas, venen
Katrin, som han er forelska i
Systrene hans som no må greie seg utan storebror
Og profeten Lasarus
Og sjøvsagt : nokre bipersonar som og gjestar handlinga.
PS 1 )Diverre lærarar! Heller ikkje denne boka kan brukast i skulens ANT-undervisning. I denne boka røyker mindreårige gutar uhemma og jamvel drikk dei øl og. Banning er heller ikkje framandt for dei. Forfattarane gjer visst blanke i oppsedinga av ungdommen dei!
PS 2) Eg veit jo at det ikkje er noko som heiter ”funderundig”. Det heiter underfundig. Og på nynorsk. (Har fått det stadfesta i denne boka.) Eg veit ikkje heilt kvifor men eg likar ikkje dette ordet. Så det er fyrste og siste gongen du finn dette ordet på bloggen min!
PS 3) På nett-sida for vaksenboka finn du linkar til fleire avisintervjuer. Eg har lese eit intervju i Dagsavisen, men DET intervjuet er ikkje lagt ut på nettet. (Dei
gjerrigpompane!) Her var og eit bilete av forfattaren med ei T-skjorte med logoen til The Legendary Sun-studio. (Dette er ein gild webstad!). Hovland! Eg har fleire antologi-CD-ar med musikk frå dette studioet. Berre sei i frå så kan eg brenne dei for deg, men du har vel nokre sjølv tenkjer eg.
PS 4) Eigenleg kunne eg godt tenkt meg å konvertere til nynorsk. Dersom sidemålet forsvinn gjer eg det! Banna bein! Eg skulle gjere mitt for å halde ved like denne målformen. EG skulle bli den ivrigaste av alle nynorskforkjemparar. Eg skulle ikkje sky nokre vapen. Eg skulle ... nei no får eg vel roe meg ned litt.
PS 5) Nei og NEI! No heldt eg jo på å gløyme tittelen på boka att ; Fredlaus. Eg er no ikkje så sikker på om omslaget gjer boka så freistande for ungdommen, men skit og. Då får vi vaksne ha boka for oss sjølve. Haha!
Ps 6) Frå og med no kjem alle mine bloggpostar på nynorsk. Eller i det minste dei som omhandlar nynorske bøker. (Eg er skikkeleg nøgd med meg sjølv, men denne karen hadde nok snudd seg i grava si!)
for 2 dager siden
3 kommentarer:
kjære elise,
det er hele tiden, dvs. nesten hver dag, med en stooor fryd at jeg leser innleggene dine, at jeg nikker og smiler til kommentarene dine om den norske B&U-litteraturen. så tusen takk for det. men nå får det være grenser. jeg er helt overrasket, forfjamset, ja, nesten skuffet over at du ikke ennå har skrevet en eneste linie om den kanskje vakreste norske roman for ungdom (og alderdom) som er blitt utgitt i norge siden… pff… jeg teller ikke engang. okay, jeg røper den for deg. den heter "andungen og jeg (jul)", er skrevet av en debutant, den unge emilie christensen, og gis ut av gyldendal.
nå venter jeg spent.
jean-baptiste
Chere Jean-baptiste
Joda den ligger på leselista mi. Bare gi meg litt tid så skal jeg se om jeg er enig om at dette er "kanskje den vakreste norske roman for ungdom (og alderdom) som er blitt utgitt i Norge". Hvis du lover å ikke kalle meg for Elise mer. Eli er mitt navn:-)
Ja, Andungen og jeg er en fantastisk rørende bok! Elsker forfatteren.
Legg inn en kommentar