fredag, mai 02, 2008

Det er på bøgda det skjer!

Og da har vel i hvert fall noen fått misstanke om at det er Englefjes av Ingelin Røssland det handler om nå.

Dette er altså første bok i en planlagt serie om en moderne Frøken Detektiv. Tysnes mot River Hights. Vår heltinne Engel Winge er omtrent like gammel som Nancy og også hun har mistet sin mor. Og faren er mye bortreist så jentungen har stor frihet til å drive med sitt. Men ellers er det lite de har til felles, da bortsett fra detektivvirksomheten. Engel Winge er trass i navnet ingen kremmt... engel. Det går hardt for seg på bygdene nå til dags, og nett no kom eg på at boka er på nynorsk. Eg gidd ikkje skrive alt oppatt, så eg byrjar å skrive på nynorsk her.

Dette er eit fint portrett av ei noko meir enn vanleg tøff og frampå jente, men sorgen ho ber over mora som nett er død kjem og godt fram. Kanskje det er ein trend i tiden med desse tøffe ikkje lengre så snille jentene, som tøffar fram, men jentene i bøkene til ho Røssland har no aldri vore nokre pusekattar.

Nei, det er mykje å more seg over i denne boka, ho Engel er ein skikkeleg feminist, og eit godt førebilete for unge jenter!

Kanskje forfatteren smører litt tjukt på når ho skildrar nokre av desse skurkane, men det er kanskje slikt forholda er på slike stader. Og så var det denne mormora, då. Ho var no litt til overmåls alternativ, men det er vel nokre som er slik og.

Sjølv om hovudpersonen går på vidaregåande skule, så er dette mest ei ungdomsbok. Riktignok har ein viss anmeldar gjort eit poeng av at hovudpersonar i ungdomsbøker ikkje kan gå på vidaregåande men då var han litt ute jordet att.

Hehe : Denne var no litt frekk, då: ”Alf er ein mann som ber mobiltelefonen i framlomma og alltid har den på vibrasjon. Det er vel derfor han ventar i lengste laget med å ta den”. (s 109) Eller er det berre eg som har litt snuskete fantasi her?

Og så denne replikken, då, godt folk: ”Alf, du som har så god greie på alt som rører seg”

No har eg ikkje skrive så mykje om sjølve intrigen, men det er ei problemstelling som har høg aktualitet. Og – det vert verre, men det gidd eg ikkje skrive noko om, for då lyt eg sette ut ei spoilervarsling att.

PS: Engel og mora hadde planar om å høyre gruppa Pet Shop Boys før mora døydde, eg har no aldri høyrt om denne gruppa før så då kan vi jo høyre på dei no. Ikkje heilt min smak men så er det vel ikkje oss som snart fyller ... ja drit no i det ... som er i målgruppa!

PS 2 : ”det er vel nokre som er slik og” (Herregud så mykje betre banalitetar høyrest ut på nynorsk! )

PS 3 : Her har dykk ein gild nettstad, Samlaget satsar sterkt på denne boka, gitt! Dei har vel ratt ei von om filmatisering og!

PS 4 : Neimen kva ser eg her då. Dumdum - boys har jo og laga ein låt som kallast Englefjes.

PS 5 : Og ho Kari Slaatsveen har eit program på P1 med denne tittelen, men ho berre orkar ikkje eg, altså!

Men no altså, gidd eg ikkje meir engleprat. Det er no svært så hekta folk er på englar for tida og, då!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det är säkert hellre de gamla goda Pet Shop Boys-låtarna (80-90-tal) de gillar. Som denna: http://youtube.com/watch?v=G9wOt27rJSo

elis lesebabbel sa...

Takk kjære Marika! Akkurat dette vet jeg altså ingen ting om! Og nå skal jeg jammen ta en titt på bloggen din!