tirsdag, oktober 02, 2007

Jakta på han far del 2

Ja så kjem dei no til Paris, og då vert dei robba! (Bønder i byen altså!) Vi får vel introdusere ho Geneviève, og. Som vert redninga for desse landsens gutane på storbytur.

Men folkens. Det gjekk no ikkje så galent dette. Heller ikkje frå ein litterær augnevinkel. Det byrjar å svinga slik midt i boka omlag. Og resten kan dykk no lese sjølve.

Denne boka handlar og om å vekse. I meir enn ein betyding.

PS: Stavekontrollen protesterar mot ”betyding” men Nynorsk ordliste 9. utgåva av denne forfattaren tillet dette ordet. Så dykk kan no berre halde kjeft!

PS 2 : Norsklærarar : denne boka kan og brukast i nynorskopplæringa for boka har over 100 sider. Men ikkje fleire enn at desse late elevane dykkar kan greie å komme seg gjennom ho.

PS 3 : Geneviève er og namnet til ei fransk helgenkvinne. På denne nettstaden kan ein lese at ho ”Geneviève est considérée par les catholiques comme la sainte patronne de Paris” og som alle som skjønar litt fransk er dette ein fin tittel. Namnet er nok ikkje heilt tilfeldig valgt!

PS 4 : For dei som ikkje er så stø på det franske språket : dette har eg saksa frå den katolske kyrkas helgenregister. Då tenker eg at vi har sagt nok om ho Geneviève eller Genovefa som dei norske katolikkane kallar ho.

PS 5 : ”To gutar til Paris”! Det høyrest no mest ut som ei bok frå forlaget til Norsk Barneblad. Men det er altså Samlaget.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kvifor skriv du på nynorsk?

elis lesebabbel sa...

Dersom boka er på nynorsk skriv eg sjølvsagt på nynorsk! Når ein bur i eit land med to skriftspråk lyt ein bruke dei. Dersom boka er på bokmål skriv eg derimot på bokmål.