lørdag, oktober 06, 2007

Nei dette var heavy saker folkens!

Denne boka strevde eg med, gitt. Sjølv om ho ikkje var på meir enn 38 sider og lite tekst. Og med bilete. Både i og utanfor teksten for å seie det slik.

Eg trur (hehe ja det er mykje tru i denne boka) ikkje lengre at dette kan oppfattast som ein kristeleg bok. (Kristeleg barnelitteratur er då og ei særs vanskeleg sjanger)

Dette handlar nok meir om ei jente som slit med einsemd og religiøse grublingar. Boka gjer meg og visse assosiasjonar til Haugtussa.

Er dette religionskritikk? Eller rettare kristendomskritikk? Kritikk av kristeleg fanatisme, oppseding eller noko? Nei ikkje slik eg ser det.

Er det ikkje litt håp på slutten. Kan den meir livsglade venninna Guro redde ho ut av den noko svarte melankolien?
Ei fascinerande bok men ikkje av dei lettast tilgjengelege. Eg veit faktisk ikkje heilt kven eg skulle tilrå denne boka. Jammen gjer dei ut tøffe bøker på Samlaget!
”Og jeg tror absolutt at den kan fortelle barn som lever i strengt kristne miljøer at det i hvert fall finnes én forfatter som vet hvordan det er. Så blir de ikke fullt så alene”
Skriv Kristin Ørjasæter i barnebokkritikk.no Og det kan det jo og vere noko i?

Så over til Svarte sjeler
Høyrest ikkje muntert ut det heller.

Ingen kommentarer: