lørdag, oktober 27, 2007

Ein bygderoman

Dei som er med:
  • Julie. Har det ikkje heilt greitt. Foreldra dreg til Kreta for å freiste å redde ekteskapet. Noko overvektig er ho no og. 65 kilo er vel mykje for ei jente på 11. Ho må bo hos
  • Monstertanta; ikkje noko kosetante akkurat. Ho har ei raspande stemme og snusar, røyker og drikk seg full. Ho har eit skummelt smil og er ”ikkje den som diskar opp med vitsar og godt humør”. Alle i bygda ”er litt redd for henne”. Ho er nok litt skarp i kantane, men eigentleg ei artig dame. Og med god bondemoral, og med respekt for dyra! Som dykk kanskje skjønar, eg fekk no litt sympati for denne dama.
  • Kyrne og kalvane. Ei av dei heiter Siv. ”Siv er ikkje heilt god i boksen, og derfor har ho fått namn etter ein politikar eg mislikar.”
  • Den hatefulle kjetta hennar.
  • Mormor, som har hamna på sjukeheim no og ikkje er den gode gamle lengre.
  • Og Belinda som Julie vert venninne med.
Eg har nytta headingen bygderoman men her er neimen ikkje mykje bonderomantikk, dette er ei bok med til tider brutal realisme.

Eit tema i boka var jo overvekt, eg tykkjer at forfattaren løyser dette vanskelege temaet godt. Eg trur at alle både vaksne og barn har noko å hente i denne boka. Dette kunne jo ha vore nokre skikkeleg trivielle greier men språket folkens! Språket! Dette er og ein verdig kandidat til denne litteraturprisen.

Og apropos tanter:
Andre bøker om tanter er til dømes Eggg av Stein Erik Lunde. Den tanta var jo heilt Roald Dahlsk. Og så har vi jo alle bestemorbøkene, då. Bjørn Ingvaldsens til dømes. Og apropos Roald Dahl : denne boka. Det var vel den første forfattaren som skreiv om bestemødrer på ein litt mindre flatterande måte. Og reaksjonane let jo ikkje vente på seg. Andre plagsame slektningar er jo til dømes onklar, eg kunne jo ta med Onkel Oskar av Torvald Sund. Det er mange som ler godt av Onkel Oskar-bøkene, men dei kjem nok frå plassar nord for Dovre. Og sør for Mosjøen. Så då er det vel meir rett å seie nokre.

Og så nokre PS-ar att, som ikkje har noko med denne boka å gjere:
1
Haha; litt morosamt : då eg googla på Onkel Oskar oppdaga eg og ein pub med same namn. Puben har fleire filialar og halvliteren kostar kr. 62 (Dahls Pils) og kr. 63 for Frydenlund Bayer og Carlsberg og det er og den prisen dei tar for Onkel Oskar Spesial. (Kva no det kan vere for noko! Noko med litt så kalla karsk oppi tenkjer eg. For å halde heimbrentproduksjonen i gang.)

2
Steike kor mykje bra som kjem frå Samlaget i år. Det må vere den nye barne- og ungdomsredaktøren. Ho held nok forfattarane i hardt i øyro og tillett sikkert ikkje slingrar i valsen! Reinaste Monstertanta! Eller Monsterredaktøren. ”Å nei, no skal eg ha møte med Monsterredaktøren att!” )

3
Jau då! Eg veit det finst enda fleire tantar i barnelitteraturen men då lyt eg skrive ein ny bloggpost. Og det trur eg ikkje at eg gidd.

4
Eg er sjølv tante for resten. Men eg handsamar ikkje niesene mine slik! Men så har eg no ikkje nokon gard heller.

5
Nei eg meiner no ikkje at bondetantar er verre enn oss urbane, men har du så mykje kyr å bale med og mykje anna gardsarbeid som denne tanta så gjer det sikkert noko med ein. Dessutan er det fleire ting med denne tanta men det kan eg ikkje seie for då røper eg for mykje.

6
Eg veit faktisk ikkje om nokon som har skrive om bibliotekartantar men det hadde antakeleg vorte ei kjedeleg bok fryktar eg.

7
Folkens : det hadde no vore artig å lese om ein bibliotekar som hadde handsama nokre av ungane i barneavdelinga like brutalt og ufølsamt som denne tanta. Kvifor skal alltid vi bibliotekarar vere så mykje hyggelegare og greiare og snillare enn alle andre yrkesgrupper, anten det no er bønder eller andre. Eg er berre drit lei det!

4 kommentarer:

leseløve sa...

Litt treg med kommentar her, men synes bibliotekartanteproblematikken fortjener en ørliten kommentar fra en nybegynnerblogger. Det finnes sikkert flere bibliotektanter med variabelt humør; min første assosiasjon var til Potet-Isaksen som; denne forfatteren er ansvarlig for. Hvem vet om ikke Potet-Isaksen hater barn nettopp på grunn av noen djevler av noen nieser og nevøer. Slikt kan man ikke vite sikkert. Forøvrig mener jeg kombinasjonen tante og bibliotekar fungerer utmerket.

elis lesebabbel sa...

Gratulerer med ny blogg! Og velkommen til denne. Tror jeg har blogget et eller annet sted før om bibliotekarer i litteraturen.Deriblant denne.

Rocke-D sa...

Skrekkmester Stephen King har selvsagt skrevet om en ond bibliotekar, i kortromanen "Bibliotekpolitiet" Hun får bl.a. laget plakater av barn som blir kjørt over av en dampveivals for å vise hvordan det går med de som ikke leverer bøker de har lånt. På toppen av det hele er hun egentlig en slags demon som har levd i hundevis av år og alltid vært en blodtørstig bibliotekar. Det er jo nesten skumlere enn både fotformsko og knute i nakken.

elis lesebabbel sa...

Takk for tipset! Finnes ikke på deichman, finnes ikke i handelen, men det er jo noe som heter fjernlån. NLB har den på blindeskrift men er ikke SÅ god punktleser.