søndag, januar 11, 2009

Eit subjektivt popleksikon som må lesast som eit subjektivt popleksikon

Eller ”Take it or Leave It” for å sitere ei gammal Rollings Stones - låt.
Boka har ein hovuddel og til slutt har forfattaren helgardert seg med ei liste over ”Dei som ikkje kom med, men som absolutt skulle ha vore der”. Like greitt det, elles hadde boka blitt dobbelt så tjukk, og tjukke bøker er noko drit.

Men Hovland, kva er gale med desse artistane sidan dei ikkje er med i boka di :
  • Ike og Tina Turner
  • Tim Buckley
  • Hep Stars
  • Fleetwood Mac (Rett nok er eit bilete av eit LP – omslag teke med)
  • Jethro Tull
  • Them
  • Roy Orbinson
  • P J Proby
  • The Righteous Brothers
  • Martha and the Vandellas
  • Og nokre fleir som eg ikkje gidd å ramse opp her. Oi, no heldt eg jo på å gløyme den største soulmusikaren gjennom alle tider, nemleg Marvin Gaye!! Det einaste som er nemnt om denne store artisten er at han vart skoten av far sin. (I artikkelen ”Rock’n’roll-liv og død”). Det var forresten i 1984. Finst det ingen konsulentar i Jens Bjelkes gata? Marvin Gaye lyt berre vere med. Dette må rettast opp i det neste opplaget.
Eg lyt og kommentere nokre uhyrlege påstandar i boka, anten no forfattaren ”tar i mot kritikk” eller ikkje. Eg har tross alt betalt for ho, sjølv om eg - slik eg gjorde eit stort nummer av i den føregåande blogposten - ikkje hadde tronge å gjere det.
  • The Doors er IKKJE noko overvurdert band!!! (s 109)
  • The Mamas and the Papas HAR fleire enn ein god song ( s168)
  • Og at Jefferson Airplane er teke ut av hovuddelen til fordel for Herman Hermits er heilt ubegripeleg for meg, altså. (s 135)
  • Men det verste er no å skriva at ”Supremes er nokre av dei største” utan ein gong å nemne Martha and the Vandellas ! ( s 240)
Derimot er eg 100% einig i at
  • det beste med heile den oppskrytte Woodstockfilmen var då Joe Cocker song With Little Help from my friends. (s 86) Ein av dei beste coverlåtar nokosinne og den aller beste songen til denne artisten. Så her kan ein seie at karrieren fekk ein pangstart som vart umogleg å følgje opp, noko han heller ikkje gjorde.
  • At Rockeband og symfoniorkester er ein dårleg idé (s 204)
  • Lange gitarsoloar er ein uting (eg er ikkje 100 % sikker på at dette står i boka, men meiner å hugse at det sto ein stad, i kvert fall burde det ha gjort det)
Ein ting til : det er ein alfabetiseringsfeil i lista over ”Dei som ikkje kom med, men som absolutt skulle ha vore der”. The BAND kjem FØR Maggie BELL sidan A kjem før E i alfabetet! Dette må det også gjerast noko med i det neste opplaget.

Og då trur eg at vi sluttar av med eit YouTube – opptak av Marvin Gaye. Nei forresten, vi tek først med noko av Martha and the Vandellas, vi! Nokon må jo berre ta ansvar for oppsedinga av den oppvaksande slekt. (M, du kan berre drite i blokknaboane dine no, berre skru opp volumet så laptoppen din hoppar!) Men no kjem ein av dei største nokon gong : Mr Marvin Gaye! Med songtittelen Whats going on! meiner altså Marvin her meir alvorlege ting enn noko alminneleg forlagsslurv! !

PS: Ja det ER kanskje på tide å tenke på kva slags musikk som skal spelast i gravferda, Hovland har i kvert fall bestemt seg. (s 206).

PS 2 : Ungdomskulelærarar : tenk dykk om no! Dette er IKKJE boka for nynorskhylla i skulebiblioteket sjølv om boka handlar om populærmusikk! Boka er ikkje for folk under la oss seie minimum 40 år. Den øvre aldersgrensa er eg litt meir usikker på. Men kanskje dykk kan klare å argumentere for å ha boka i lærarbiblioteket. Dersom det ikkje vert slåsting på lærarrommet då!

PS 3 : Eg er altså av dei heldige som får eit signert eksemplar av denne boka. Og i tillegg Dr Munks testamente! Og namnet mitt på heimesida på Samlaget! Truleg for fyrste og siste gongen! Berre sjå her! Forresten, når har dykk tenkt å sende meg boka, Samlaget? Og apropos det, då sit eg altså med ei ekstra bok som eg strengt tatt ikkje treng. Dersom nokon ynskjer seg eit pent brukt eksemplar, berre med nokre få eselørar og nokre utropsteikn i margen, så berre sei i frå!

PS 4 : kanskje eg skal legge ut ei liste over den gamle platesamlinga på bloggen min? Kanskje eg til og med kan skryte av at eg har nokre ”Plater so ingen andre har” (Nei, trur ikkje eg skal gjere det. Det for vere grenser for å dumme seg ut!)

PS 5 : Om boka var underhaldande? Jau då, men altså ikkje for musikkfanatikarar med dårleg blodtrykk!

PS 6 : Kva eg meiner med etiketten "Julelektyre 2008". Ja det var i grunnen eit godt spørsmål!

PS 7 : Om Elvis Presley er med? Giss tre gongar!

PS 8 : Og ho Wenche Myhre? Ha ha haaa. (Og det er alt eg har å seie om den saken!)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hoppla, og godt nytt år!! (litt upassande seint å seie det no, men eg gjekk i hi på den tida det var passande). Først, skulle eg kommentere at eg er HEILT einig med Hovland i at The doors er oppskrytt, men, så tenkte eg at eg fekk vel høyre litt meir på skiten så eg fekk betre belegg for å vere einig, og JAMMEN tok han ikkje feil. Eg har blitt hekta! ...men trur nok derimot at blokknaboane mine tok mindre skade av Martha and the Vandellas enn meg... ;)

No, står nedlasting av litt Marvin Gaye for tur...
-Marius-

elis lesebabbel sa...

Alt i orden, Marius! Så langt har det nye året likevel forløpt noenlunde greit!
Jasså du likte ikke Martha and the Vandellas! Kanskje denne faller bedre i smak? Kos deg med dine nyervervede musikkidoler ha ha ha!

Dr. H sa...

Hm. Tenkte eg skulle vente litt med å kommentere dette, og no har eg venta litt. Og no, så lenge etter, kan eg vel seie meg einig i det meste av kritikken.Ingenting i vegen med dei du nemner (sjølv om kanskje Hep Stars er å gå litt langt...eller kanskje ikkje). Og både Marvin og Martha var opprinneleg tenkt ein plass, men det var altså mange av dei aller største som ramla ut siste natta, då eg ikkje orka mer. Skal prøve å gjere ein betre jobb neste gong.

elis lesebabbel sa...

Dr H! Det er greitt! Då fekk eg jo og demonstrert for all verda at eg og har litt greie på populærmusikk!