tirsdag, juni 10, 2008

Heia Braaann!!

Og då har vel i det minste nokre ein mistanke om kva bok dette handlar om. Dette er og ei bok om ein pasjon, slik som den forrige boka eg nett har lese. Boka skal vere for ”Alle som sett laget over seg sjølv” . Om nokre i til dømes Klanen vil lese ei bok skriven av ein Brannsupportar er no ikkje eg så sikker på, men artig lesning for alle oss andre!

Nokså snedig diktar han og inn denne karen, og sjølvsagt (for oss som veit litt om denne forfattaren frå før) denne. Forma er ei blanding av fakta og fiksjon (???) og hovedpersonen minner ikkje så reint lite om forfattaren sjølv.

”Eg har teke fri frå jobben på biblioteket i dag, der eg er barnebibliotekar. Eg er fri frå småbarnsmødre med irriterande og usjarmerande gullungar på slep. Småbarn er noko av det absolutt verste eg veit på denne jord”. (s 18) (Eg kan ikkje for det altså, men eg humra godt over denne! )

Men han hatar nok NFF, RBK, Per Ravn Omdal, Daniel Namskog, han Fjørtoften og Hareide og ... ja dykk kan no tenke dykk sjølv... meir.

Forfatteren er ikkje nokon medgangssupportar slik som ein viss ordførar til dømes og nett no byrja eg å tenke på Tribunefeber av Nick Hornby. Denne boka handla og om å vere supportar for eit lag i gode og onde dagar. Men er alle Brann-surportarar alltid like pessimistiske som han Stig Elvis?

Men faen folkens! Veit dokker ka! Brannsupportarane syng alltid Min nystemte før kampane! Eller Nystæmten som dei kallar denne sangen der borte! (Eg må no flire og)!

Men herregud då, Cappelen Damm. Kva er no det her for eit omslag! Det var no litt på den glorete sida for meg i kvert fall!

Og boka heiter altså Den raude veggen og er skriven av Stig Elvis Furset

Ingen kommentarer: