fredag, februar 02, 2007

Eg er på veg!

Nei ikkje eg! Det hadde jo vore ein aldri så liten sensasjon! Men jenta i denne boka! Ho fortel om ei forelsking på ein ferie i syden og i kvart anna kapittel fortel ho om det ho har i magen og korleis det veks og korleis ho smått om sidan godtek at ho skal bli mor. Og Helga Gunerius Eriksen kan skrive, ho! Her finn du og eit fint kapittel om ein kattefødsel. Noko mindre komplisert det, ja!
Andre bøker om unge gravide er til dømes denne boka av Unni Lindell. Og du kan sjå at boka er populær!
Ei anna bok som var populær i 70-åra var Peters baby av Gun Jacobson. Peter går altså siste året på ungdomsskolen, han har eit barn og mora vil ikkje ha babyen lengre. Så no lyt Peter ta seg av han. Då eg leste boka på nytt etter at eg sjølv hadde fått barn skjøna eg jo kor urealistisk denne boka var. Ein kunne jo meist tru at det var ein kanin det handla om. Men boka passa nok for denne tida. Ein typisk ”ung i dag” bok!

Eg er på veg slutar når ungen vert født, og det har eg tenkt å gjere og!
Nei forresten: ei ting til: På omslaget til boka heiter forfatteren Helga Gunerius Eriksen, og det same namnet finn du på tittelbladet. Men på websida heiter ho berre Helga Eriksen! Samlaget, då!

2 kommentarer:

responsable sa...

DU KAN GODT TAKA BORT DEN EINE L'EN I FORTEL(L);) ellers er nynorsken din betre enn fransken, trur eg...

elis lesebabbel sa...

Skal ikkje så mykje til! Men eg øver meg, eg øver meg! Fint at du gjer meg merksam på denne slurvefeilen!