mandag, juli 30, 2007

Journalistar, drankarar og andre odde folk i Odda

Dei som er med
  • Robert 38, journalist tilsatt i BT med eige lokalkontor i Odda kor han og er født, noko ukritisk med alkoholbruken og dessutan drit lei jobben sin.
  • Irene, svigerinna, som han er forelska i og ho i han, utan at mannen og altså bror til Robert
  • Frank veit om det. (Vonar dei) Politimann på staden.
  • Ronaldo, ein einsam 9 år gamal gut som bur på asylmottaket
  • Og nokre andre asylbuarar frå mellom anna Serbia og frå Midtausten
  • Nokre rasistar og heimevernungdomar
  • Eit variert utval frå lokalbefolkninga. Oddingar som dei kallast. Noko forfattaren gjer eit lite poeng av.
  • Fleire journalistar. Mellom anna frå hovudstadpressa. Som oppfører seg dumt og tåpeleg. Slik journalistar ofte gjer i slike bøker. Og sjølvsagt kjem det og ein
  • tåpeleg journalistspirrevipp frå BT som skal kødde det til. Orsakinga til at alle journalistane er på denne tidlegare men snart ikkje lengre industristaden er altså
  • ein ung gut, daud, er han myrda?
FAQ
1 ) Er dette ein kriminalroman?
Ja sei det, du. Boka fekk jo Rivertonprisen i 2005, men nokon krimbok er det vel eigentleg ikkje. Dårlege tider for norsk krim dette året? ”Stedvis roper «Flytande bjørn» etter å bli lest i en fettete pocketutgave med tjukke, spottlakkerte gullbokstaver på omslaget” skriv Dagbladet. Kva dei noe meiner med det.

2 ) Politisk roman, då?
Njaaaa. Forfattaren skriv jo om storkapitalen og nedlegginga av industrien og om korrupte AP-politikarar og rasisme og anna styggedom. Men å kalle det ein politisk roman er vel å gå noko langt. Men manna for gamle raddisar det er det jo.

3 ) Slike som deg då, kanskje?
Å hald no tåta på deg.

4 ) Eksistensiell roman då?
Tja det kjem no nett an på korleis ein les boka. Men boka er no riktig artig, eg tok meg sjølv i å le mange gonger både høgt og hjarteleg. Dersom du ikkje trur meg er det berre å forhøyre seg i nabolaget sidan eg framleies insisterar på å lese på verandaen trass i det ustadege sommarveret.

5 ) Kan det kallast heimstaddikting då? Forfattaren kjem jo sjølv i frå denne tettstaden.
Ja dersom du no absolutt må setje ein stempel på denne boka så kan ho vel kallast så. Ikkje å undre på at Oddabuarane er stolte av å ha vorte skildra så grundig i samtidslitteraturen noko som og kjem fram på denne nettstaden. Kvar onsdag i juli kan du til dømes ”bli med på bikubegang, ei vandring i Frode Gryttens mytiske Odda”. Kva dei no meiner med ”mytisk”.

6 ) Kva seier BT, då. Forfattarens gamle arbeidsplass? Den avisa vert jo ikkje noko særleg smigrande skildra i boka.
Nei dei vert no litt sure så dei skriv at ”Flytande bjørn kan under alle omstendigheter ikke kvalifisere til betegnelsen en stort tenkt og utført roman fra Frode Gryttens side” Medan Dagsavisen til dømes er mykje meir positiv i si bokmelding, som har den noko Behnske overskrifta Trist som Odda. Ikkje særleg fantasifullt då Dagsavisen!

7) Kvifor er vestlandsforfattarar så opptekne av Memphis og andre stadar i USA? Er orsaka at når dei sitt der mellom bakkar og berg og stirar og stirar utover havet så vert det nett så dei ser Amerika skimte i horisonten?
Ja spør du meg så spør eg deg...

8 ) Kor mange etikettar som dei kallar det har du på bloggen din no, då?
Eg er oppriktig glad for dette spørsmålet. Ikkje for å skryte men no er eg faktisk oppe i den nette sum at 250 etikettar! Så no kan eg vel snart kalle meg dronninga av etikettar. Eller kva med etikettdronninga?

3 kommentarer:

Flopsy sa...

Synes dette er en dårlig krim, men en ganske god bok :-)

elis lesebabbel sa...

Hei Flopsy
Velkommen til min blogg. Nei krimhistorien var temmelig tynn. men en trivelig bok som sagt.

Flopsy sa...

Takk for det, jeg liker det jeg har lest her så langt :-)