søndag, januar 07, 2007

60-åra på bygda

No har eg endeleg lese 1964 av Ragnar Hovland. Han seier sjøl at dette året er ”eit av dei åra han hugsar minst frå”. Men han løyser problemet på ein grei måte. Eg finn ingenting i denne boka som skulle tilseie at handlinga ikkje skulle vere frå 1964. Her kjem nokre døme på tidstypiske 60-tals-ting som du finn att i boka .
• Leskedrikk. (I ein kondomliknande pose, kunne kjøpast i alle fargar, fryste jamvel som tina).
Snurring. Ein slags daud mann på boks-sak som framleis er å finne i handelen.
Døla-is
Toy
Far til fire-bøkene
Sg
• Ukebladet Allers
Fasiten
Doffen
Bobsey-barna
Når det gjeld musikk er hovudpersonen berre 12 og det er ikkje før han vert litt eldre han skal byrja å interessere seg for musikk. Men

Wenche Myhre
er med i handlinga (som statist). Her er det den songen som heiter Oh Sheriff som gjeld.

Kva boka handlar om? Eg gidd då ikkje skrive noko handlingsreferat, du får lese boka sjølv. Men du kan jo lese desse bokmeldingane frå NRK, Dagbladet, og Haugesund avis. Og alle er enige i at det er ei underfundig bok. Det meiner og Adresseavisa seier Samlagets heimesider.

Eg kan tenke meg at Ragnar Hovland er ein av dei forfattarane du anten likar eller ikkje. Eg høyrer med i den fyrste gruppa. Forfattaren skriv og eit forord. På under to sidar fortel han to gonger kor gamal han er (54) og at han ”kjenner for at eg stort sett kan gjere som eg vil”. Dei greiene der vart no eg ferdig med då eg var 53!

Hovland nyttar eit ganske nøytral nynorsk språk. Han skriv til dømes ”begynne” og ”besvime” og det er han i sin fulle rett til har eg funne ut her. Eg er nok meir konservativt når eg skriv på nynorsk, men så gjer eg det jo og berre for dei heilt store høva. Så eg skal no berre halde kjeft! Og vona at eg ikkje drit meg heilt ut!

Det er for resten ein kar som stadig kjem att i boka, utan at han gjer stort anna enn å køyre moped, nemleg Nils-Erik. Det får meg til å tenke på denne filmen av Federicio Fellini. Har forfattaren late seg inspirere? Denne artikkelen kan bekrefte at eg kan vere inne på noko.

Ein annan litt artig ting i boka var då hovudpersonen og venen hans, prestesonen plutseleg får inn såpeoperaen Dynastiet i fargar på fjernsynet, ca 20 år før serien jamvel er laga! Ein annan nynorskforfattar, Rune Belsvik, skreiv jo ei heil bok om denne populære såpeserien. Men eg kan ikkje hugse at sjølve serien var teksta på nynorsk. Det var derimot ein annan ganske populær såpeserie, men eg kan ikkje hugsa kva den heitte. Det samme kan det no og vere. Eg trur eg sluttar her før eg kjem meg heilt ut på viddene.

Post scriptum (Fint skal det vere!)
Eg er no litt plaga over at eg ikkje kan hugse namnet på den såpeserien som var teksta på nynorsk (nei eg tenkjer ikkje på denne serien no) så eg vonar berre det ikkje skal øydelegge dagen for meg.

Nei, sjå her då folkens! Deichman meiner at Fredlaus er ein bok for vaksne! Dessutan har jo forfattaren skrive i alt tre bøker i 2006!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Kan det være Maktkamp på Falcon Crest du tenker på?

HPL sa...

Lesedrikk ... Var det ikke det som også het saftpose?

elis lesebabbel sa...

Den dumme stavefeilen er retta. Saftpose har nå aldri jeg hørt om!Men da du var barn, kanskje... Det er jo ikke SÅ lenge siden!

HPL sa...

Kan jo hende at det var en benevnelse som utelukkende ble brukt i Nittedal.
Skal ikke se bort fra det, Eli.

Anonym sa...

Leskedrikk ja. Vi kalte det også for det. Seinere ble de vel kun solgt frosne under navnet Mr.Freeze?