fredag, september 17, 2010

Då ho Jenny forlét paradisen

Jenny, 10 år, er lei av å hoppe paradis og leike seg i trygge omgivnader og kryssar grensa for kor langt ho har lov til å gå aleine. Ho går over elva, ein stad ingen går frivillig, her finn ein tagging og ”berre kratt, og skit og hundedrit”, folk blir overfalne og myrda. Ein slags terrain vague som franskmennene kallar slike stader. Eigentleg tør ho ikkje heilt, og dette har vorte ei fin skildring av korleis denne jenta utfordrar seg sjølv. Og så, like før eg byrjar å tenkje at dette ser jo bra ut, men bør det ikkje hende noko meir snart, dersom boka skal halde på merksemda hos dei unge lesarane, møter ho ein ung punkar med ein rottweiler som han ikkje har heilt styring på og så ligg ho plutseleg under hunden. Mamma, pip ho og då føler mor hennar som sit i kontorlandskapet nede i byen at noko er gale, og no tar det verkeleg av!
”Politiet har mykje å gjere i ein stor by, men dei kjem, for dei synest at det er grueleg spennande med jenter som blir borte. Der tar dei ingen sjansar, noko som kan verke urettferdig for andre som blir borte, for eksempel ein blakk mann med mindre sjarme. Viss HAN ikkje dukkar opp på jobb og etter kvart blir etterlyst av sjefen sin seier politiet: ”Vi har ikkje ressursar til å leite etter kven som helst.” s 37
Elles vil eg nok ikkje anbefale politiet å bruke denne boka til omdømmebygging (KOR eg har byrja å H-A-T-E dette ordet men det var verkeleg ikkje temaet no), men litt moro må då denne yrkesgruppa tåle og. Boka har masse humor, og sjølv om temaet er realistisk nok - her finn du lite av alvar, drakar eller anna fantasyfjas - så er stilen liksom LITT på sida av det heilt kvardagslege. Dette KAN minne litt om Rune Belsviks tidlege bøker for born. Eller ”barn” heiter det vel no. (Orsak, eg fekk tross alt nynorskopplæringa mi rundt 1970!) Boka handlar forresten og om å utvide sin horisont. Og gradvis frigjering.

Dette er altså bilete av ein Rottweiler og som det skulle komme fram er det ingen ønskedraum å komme mellom kjevene på dette dyret. Ellers kan eg anbefale Eivind Gulliksens illustrasjonar i sjølve boka, både av Rottweileren Johnny Rotten, Jenny og alle dei andre medvirkande.

Og så nokre spørsmål som eg truleg aldri vil få svar på, fordi eg har ein mistanke om at forfattaren har teke seg nokre geografiske fridommar: Kor finn eigentleg handlinga stad?

På den andre sida av elva - i eit ”terrain vague” eller ingenmannsland (ja faen og seier eg for eiga rekning, det spørs vel kor lenge dette ingenmannslandet får vere i fred, før OBOS-helvetet eller anna faenskap kjem med gravemaskinane og øydelegg heile skiten for å byggja dyre funkisrekkehus i millionklassa som øydelegg dei grøne lungene og turstiane til folk orsak at eg vart frista til å lufte mine private frustrasjonar no) oppdagar Jenny eit slags mini-christiania kalla ”Skogtinget, eit byøkologisk felleskap”. Kan det vere den (diverre misslykka) okkupasjonen i Skar i Maridalen forfattaren har vorte inspirert av? Bebuarane i Skogtinget, som sjølvsagt har heilt andre verdiar enn foreldra til Jenny (utan at dette vert plagsomt moraliserande) snakkar om at dei skal ned til byen og ”demonstrere framfor Stortingen, statsministeren og den amerikanske presidenten, som kanskje ikkje er like dum som den førre”. Så då er vi i kvert fall i Oslo. Men akkurat rundt Skar er det vel ikkje slike tun som ho Jenny bur i? Og i kvert fall ikkje butikkar. Og nokre andre slike byøkologiske fellesskap er det no så vidt eg veit ikkje i Oslo. (Men det kan jo hende at det finst nokre som svært få veit om.) Nei, dette må nok setjast på kontoen for dikterisk fridom.

Eit anna spørsmål eg sit med er .... ja korleis skal eg no ordleggje meg då ... eg likte denne boka betre enn ho som den same forfattaren skreiv i fjor som eg syntes var litt lang. Er det slik at Samlaget driv forfattarane sine hardare enn Gyldendal? Sjanglar dei ut frå kontoret som nokre slakt? Som om Rottweilaren Johnny Rotten hadde kasta seg over dei! ?

Kva forfattaren heiter? Nei, HAR eg no gløymt å skrive det att! Nei, eg, altså! Boka heiter Jenny blir knallhard og forfattaren er altså Marita Liabø. (Steike, så fancy desse nye websidane til Samlaget har vorte då!)

Til slutt litt musikk. Boka har referanse til Kjærleiksvisa av Halfdan Sivertsen. Ikkje NOKO gale med denne musikaren men eg er altså berre så DRIT lei av denne songen. Please! ER det for mykje forlang! KAN vi ikkje få sleppe meir allsong av denne songen, no? (Ho Jenny har forresten laga ei artig vri på denne songen, men den kan dykk vel lese sjølv!) Då kunne vi jo heller ha høyrt på Anarchy in The UK med Sex Pistols, som og er omtalt i boka, men akkurat no er eg heilt føkkings lei alt det der maset om den der konserten på Pingvinen i Oslo i 1977. Nei, då foreslår eg at vi heller høyrer litt på The rivers of Babylon. Den passar og fint, sidan ho Jenny og kjem til ”a strange land” og ikkje finn nokon grunn til å ”sing a song of joy”, sjølv om eg neppe røper for mykje når eg til slutt skriv at det gikk no betre med ho Jenny enn våre vener i Babylon.

Heilt til slutt: når vi no er inne på elvar att, og sidan nokre kanskje er litt lei av Rivers of Babylon, The Melodians eller ikkje, vi kan vel og slippe til Burning Spear med River Jordan! Skikkelig rasta faaaaariii, gitt!!!

PS: Dersom nokon lurar: nei, eg var ikkje av dei kormangedetvarnoattdå som var på den der konserten på Pingvinen i 1977.

PS 2: Samlaget! Kor tid kjem eigentleg den der Forfattarbloggen dykkar?

Ingen kommentarer: