fredag, mai 07, 2010

Mellom bakkar og berg utmed haaaaaavet etc etc

Vi kan jo byrja med Dans stille før stormen av Torvald Sund. No er det fem år sidan det kom nokon bok frå den kanten. Dette er fyrst og fremst ei kjærleiksforteljing men og ein spaningsroman. Dei to ungdomane heiter Julie og Runar og alle skjønar vel då kva for eit par eg tenkjer på no. Problemet med dette paret er ikkje berre familiane deira ( ho Julie kjem frå meir borgarlege kår enn Runar) men sidan Runar er fiskar og ikkje vil vere noko anna og Julie har ambisjonar om å kome inn på The Royal ballet School handlar det og om ein umogleg kjærleik. Dessutan handlar boka og om fråflytting og nedlegging av landhandlarar og automatisering av fyr til dømes.

Språket held den høge standarden som ein kan vente seg av denne forfattaren. Det er - for å bruke ein klisje - nett så ein kjenner lukta av tang og tare. Og av skrika frå skarv, feist (kva slags fuggel no det er), lomvi og lundefugl. Og som i det kjende teaterstykket er og døden med utan at eg skal røpe alt for mykje. Men sidan Svanens død er såpass sentral trur eg vi tar med denne youtubevideoen. Eg vert i det heile imponert over den detaljerte ballettkunnskapen til forfattaren. (Man kan nesten lure på om forfattaren sjølv har ei dotter som dansar ballett.) Han har i kvert fall satt seg godt inn i sakene. Kanskje vi skal ta med noko med han Nureyev som og vert omtalt i boka. Og for at alle skal skjøna at eg og har litt greie på ballett tar vi og med ein liten snutt av den berømte Anna Pavlova. Så kan jo nokon og einkvar sjølv prøve seg på stovegolvet! Men SJÅ heeeeer då dykk! AKKURAAAAT i dag er det 170 år sidan komponisten vart født! For ein samantreff! (Dette oppdaga eg då eg googla i dag, og under har dykk det stilige biletet som ligg ute på google berre i dag).



Eg har og lese ei kunstbok. Den heiter Alt det som er og er skrive (bøygde eg skrive rett no??? Kanskje det er skriven???) av Bjørn Sortland. Med illustrasjonar av den nederlandske kunstnaren Paul Dicker. Dette er og ei særs vakker bok. Teksten er ikkje så lang og handlar om ein ubåtkaptein som skal bli far for første gong og han fortel om kjenslene sin før ei slik stor hending for den førebels ufødde sonen sin. Ei fin tekst som er skriven for vaksne lesarar. Illustrasjonane er vakre, med mellom anna fjell som går rett ned i havet ( typisk vestlandsnatur altså) og stemningsfulle landskap med og utan folk og funkisforma hus som gjev i kvert fall meg eit inntrykk av den store æva. Eg fekk ikkje alle illustrasjonane til å passe til teksten (til dømes var det fleire menn enn berre ubåtkapteinen) men så oppdaga eg at bileta ikkje opprinneleg er laga for denne teksten, men over fleire år! Sjølv om det omvendte ER mest vanleg er det jo ikkje akkurat forbode å lage ein tekst til ferdige illustrasjonar. Det er og gjort nokre gonger før:
  • Til dømes av denne boka med illustrasjonar av den franske naivisten Henry Rousseau og med ei ny tekst til illustrasjonane. Det heile vart litt søkt.
  • Eit anna døme er denne boka med nokre heilt fantastiske illustrasjonar av den litauiske kunstnaren Stasys Eidrigevicius, men diverre med ei særs banal tekst.
  • Til slutt kan vi ta med Gjøglerne med tekst av Arild Nyquist, heller ikkje heilt vellykka.
  • Eg veit faktisk ikkje om eit einaste eksempel på ein heilt vellykka bruk av denne "omvendte" metoden.
Bjørn Sortland har jo kunstformidling som sitt prosjekt. Og det er så vidt eg i kvert fall kan hugse første gongen han brukar ein samtidskunstnar. Og det skal han ha all ære for. Dette er ein spanande ( og for meg det må eg innrømme heilt ukjent) kunstnar. Men er det ikkje tatt med litt for mange illustrasjonar? Var det litt vanskeleg å velje, kanskje? Og eg trur og at mange av dei kan forvirre. Teksten har fått støtte frå Leser søker bok og er brukt i serien deira "Litt å lese". Og då lyt eg spørje som eg så ofte brukar når det gjeld Leser-søker - bok - støtta bøker; korleis vert tatt i mot av dei som har liten lesetrening? Sjølv om det er lite tekst er det mykje som gøymer seg mellom linjene og ho kan vere meir krevjande enn den i første omgang ser ut til.

Og til slutt foreslår eg av vi sluttar av med litt musikk att. Å jo då, du gjetta riktig!

PS: Ja, eg KUNNE jo ha ramsa opp andre bøker som er inspirert av det kjende kjærleiksparet til han Shakespeare men eg trur det er nok oppramsing for i dag! Men kanskje vi kan spele denne songen frå ei no ganske fjern fortid. VI, vi to er ikke Romeo og Juuuulie etc etc.

PS 2:  Sjølv om ikkje eg meiner at Sortlands bok er ei barnebok har Barnebokkritikk.no tatt inn ei bokmelding av Guri Fjeldberg. Det er og litt artig at ho stiller det same spørsmålet som eg om dei "såkalla uvante lesarane har føresetnad for å lese boka" og no har Anne Marit Godal, dagleg leiar for Leser Søker Bok svart på det spørsmålet så da kan vi jo ta med oss det og.

4 kommentarer:

Bente Bing sa...

Lars Elling og Gro Dahle har laget boka: Album, der Gro Dahle skriver til Elling sine malerier. Den er kanskje ikke så kjent, men veldig bra gjort fordi tekst og bilde er av høy kvalitet. Men dette er kanskje et unntak?

elis lesebabbel sa...

Lurer på om det blir noe annet?? Uten å ha lest boka: skriver ikke Gro Dahle kortere tekster og ikke en sammenhengende basert på bildene?

Leste en gang et dikt av Harald Sverdrup for eksempel (eller var det en annen) inspirert av et maleri/ tegning av Ludvig Eikaas.

Det blir egentlig noe annet.

Bente Bing sa...

Ja, du har rett, det er ingen gjennomgående tekst, men korte frittstående tekster som assosierer med bildene. Du har nok dine ord i behold:-)

elis lesebabbel sa...

Nemlig! Jeg tar ALDRI feil!