søndag, januar 17, 2010

Kven har bursdag i daaag!!!

Sidan det er bursdagen til Einar Økland i dag lyt eg skrive ein bloggpost og gratulere med dagen! (Ha ha akkurat som han Økland gidd å lese denne bloggen!) Han var vel ein av dei fyrste som byrja å skrive på nynorsk. (Ha ha – eg berre tulla no altså! Alle VEIT jo at det var Tarjei Vesaas. Kor dum går det no an å bli!) Eg har jo før skrive (meir enn nok vil sikkert nokon seie) om den gongen eg hadde lærarpost på ei øy i Troms og sat i det så kalla skulebiblioteket med sprettekniven ( alle diktsamlingane var uspretta den gongen) og las alle K-fondbøkene! Og ein av dei forfattarane eg likte best var nett forfattaren Einar Økland. Eg las og andre forfattarar, til dømes ... eller gløym det. I dag er det dagen hans Økland! I eit intervju i Dagsavisa (det ser ikkje ut som at kjipe Dagsavisa har lagt ut dette intervjuet) seier han at han ikkje set romanane like høgt som til dømes lyrikken men eg hugsar godt kor sterkt inntrykk Galskap gjorde på meg den gongen eg las boka for ... nokre år sidan!

I bokhylla mi står Gull-alder, den kom ut i 1972. Då var han Økland 32 år og eg 19. Det var og det året då folkeavstemminga mot ... ja det veit vel alle! Kanskje eg skal ta med eit dikt om Statsministeren. (I 1971 var det Per Borten som var statsminister. Og hausten det same året var det Trygve Bratteli som overtok. ) Nei for resten eg tar heller dette diktet om ungdommen:

TIL UNGDOMMEN

når ein har seks mann imot seg

og berre ei kule att
då må ein vente

til dei seks står på linje

så kan ein skyte
PANG: der ligg dei
dersom ein ikkje ventar for lenge
men trykte av i det rette augneblink

verre er det når ein har seksten imot seg
og likevel står der med berre ei kule att
då kan det bli mykje venting
då kan ein bli utolmodig
då treng ein flaks eller venner
(Gull-alder. Samlaget 1972. S 238)

Skal vi ta eit dikt til kanskje:
1970-ÅRA

vi må velje parti

det er ikkje lett å velje
men er vi mogne og kloke
er det ikkje lenger noko val
(Gull-alder. Samlaget 1972. S 267)

Eg las og i avisa at Økland skal reise til Madeira på dagen. God tur! God tur!
PS: Ja eg veit at det heiter Dagsavisen men den nynorske stavekontrollen protesterte!
PS 2: Eg veit ikkje kvifor lyrikksamlingane ikkje er uspretta i dag. Mangel på papirknivar kanskje? Samfunnet har vorte for valdeleg?
PS 3: På tide å kome seg ut på ski. Reknar med at det er dårleg med skiføre på Madeira, men dess meir Madeiravin! Skål for deg Einar!(Vonar at det er greit at vi plutseleg vart på fornamn!)
Ps 4 : KOR gammal han Økland er? Neimen herreguuuud det kan dykk vel rekne ut sjølve!
PS 5: Dessutan er det mange måter å verte gamal på.
PS 6: Eg er ikkje heilt sikker på om eg skulle ha bøygd adjektivet "sjølv" i PS nr 4. Sidan det er sjølvaste Økland eg skriv om vonar eg at eg ikkje har gjort alt for mange nynorske brølarar!

Ingen kommentarer: