torsdag, desember 03, 2009

Nokre bøker som absolutt skulle ha vore blogga om dersom eg hadde hatt tid!

Fyrst ei bok av Atle Hansen. Altså eg har berre SÅ dårleg samvete når det gjeld han Atle Hansen. Eg har ikkje lese ... eller rettare sagt - eg kan ikkje hugse at eg har lese NOKO av denne forfattaren. Den svarte oksen med undertittel Spenningsroman trur eg er det dei kallar ein kortroman om han Gisle som skal gjere noko så liketil som å telte og fiske ei helg, og med få sider (52) og ei særs knapp tekst vert det ein skikkeleg skrekkforteljing. Litt som the Blair witch. Ein kan ikkje sjå bort frå at forfattaren har sett nokre slike filmar. Boka er dedisert Gisle (namnet på hovudpersonen altså) og er Til minne om Vegard Hansen (1960 – 1983). Og Vegard er akkurat det kameraten til Gisle heiter! Hmmm.

Ein annan forfatter som "leverer varene" for å bruke eit noko forslitt uttrykk er Rønnaug Kleiva med boka Vegen heim frå Sarajevo. Boka handlar om Susi, 16 år, som har reist heilt aleine til Sarajevo. Ho har nettopp hatt ei forferdeleg oppleving, men sidan forlaget ikkje vil røpe det, vil ikkje eg gjere det heller. Men boka handlar om korleis ho kjem seg gjennom det og til slutt får styrke til å reise heim att. Ein som hjelper ho er han som driv pensjonatet ho bur på; ein kan finne gode hjelparar over alt.
- Ei venneteneste, seier han. Ein gong du, ein annan gong eg.
- Men det er ikkje sikkert at vi treffest igjen? Kva skal eg då gjere?
Han ler igjen : - Så møter du eit anna menneske, eit menneske som treng i handsrekking, og som du kan gjere noko for!
Ikkje uventa av denne forfattaren er det mykje fint å finne i teksten.

Gode hjelparar finn og William, 11 - 12 år, i ”den andre reiseboka” av Erna Osland. Ho heiter Den uendelege reisa og handlar altså om William, ein riktig triveleg kar, som reiser til Egypt saman med bestefar sin for å løyse eit mysterium. Bestefaren vert utsett for ei bilulykke og William lyt klare seg sjølv. Vi møter ein snakkande katt, Bastet, og hunden Anubis som vil ha William med seg i dødsriket. Ikkje noko mindre! Språket er særs gjennomarbeida, rikt og poetisk, forfattaren flettar inn egyptisk mytologi og sjølv om dette er ei spaningsbok er det og ei koseleg grunntone i boka og William møter mange gode hjelparar og i det heile er det mykje omsorg å finne - der ein minst ventar det. Eg har før vært inne på barnbøker som freistar å lure inn litt kunnskap hjå ungane, og her vert det gjort på ei særs elegant måte. Osland har jo og skrive nokre originale fagbøker for barn, men dei hadde eg ikkje tenkt å komme nærare inn på no.

Så har jeg jo også lest Barsakh av Simon Stranger, en av ”mine” skriveleirforfattere, og den burde jeg i hvert fall ha skrevet om for lengst. Boka er en tankevekkende bok om ei norsk jente på ferie på Kanariøyene, som lider av spisevegring - eller er i hvert fall preget av slankehysteri - som møter en afrikansk båtflyktning, en ung gutt. En sterk skildring av et møte mellom to verdener. Når jeg tenker meg om er det ikke kommet ut SÅ mange ungdomsbøker med et globalt budskap i år, faktisk ingen. Boka ble nominert til ARKS barnebokpris 2009 men akkurat den prisen var det pokker meg Bjørn Sortland som fikk. Ikke Det hjertet husker om Frida Kahlo som er en VIRKELIG god bok (blogget om før) men nok en bok i serien Kunstdetektivene. Nå må man vel også kunne si at Barsakh kanskje ikke går direkte inn i denne barnebokprisens målgruppe; 5 – 7 klassinger! (Og jeg som hadde glemt bort hele den fordø... unnskyld prisen! Men ser at selveste kulturministeren kaster glans over utdelingen! Så da må det vel være svære greier. )

Nok for i dag! Takk for i dag!

PS: eg har jo lurt fælt på kven som har skreve boka Foten veit. Slik står det på side 40 i Erna Oslands bok:
”Han slår auga opp, blågrå, snille auge. Som vatn er auga til besten, stille vatn som små aurar vaker i.”
Akkurat den ordstillinga (som vatn er etc) synest eg at eg kjenner att i Foten veit, sjølv om språket er meir strippa i DEN boka. ER eg inne på noko? Eller har eg dumma meg heilt ut – att?

Ingen kommentarer: