søndag, oktober 11, 2009

Nei denne boka HER då, dykk!

Like før helga fekk eg ei lita bok i posten på jobben. Eg byrja å bla i ho og eg vart fenga med ein gong! Dette var noko av det heftigaste eg har lese på lenge!
1
Mor mi, dronninga, fekk vite det
av statsministeren og politisjefen.
Hoffdamene fekk vite det av mor.
Eg fekk vite det av hoffdamene
da eg kom frå skolen.
Eg såg for meg korleis det skjedde.
Såg for meg hendinga
i all si gru.
Og det var heile fyrste kapittelet. Det andre byrjar slik:
2
Far min, kongen, hadde drive
med noko han likte.
Far skulle til å opne i bru.
-Ny bru, nytt håp! sa far.
Hans siste ord på denne jord.
Dei to skota small tett.
Tett small dei to skota.
Far fell over silkebandet.
Han fall med gullsaksa trædd inn
på handa.
I det neste avsnittet får vi vite at borgarmeistaren heiv seg over faren for å verje han mot fleire kular. Og dette fikk i kvart fall meg til å tenke på då J F Kenndey vart skoten i 1963. Ein av livvaktene der stilte seg opp framfor familien hans for å verje dei. Men dette vart kanskje litt søkt.

Boka har nokre fantastiske teikningar, enkle men effektive, av den svenske illustratøren Helena Ohlsson som eg trudde eg hadde høyrt om før men som eg skal komme tilbake til ikkje hadde. Og kva handlar ho om? Trass i den særs enkle teksten er det ei sterk skildring om sorg og om korleis mor og dotter, dronninga og prinsessa , kjem seg igjennom den. Det er og ei lita.. tja... kva skal vi kalle det, spaningshistorie kanskje, vi får i kvert fall og vite kven som skaut. (I motsetnad til mordarane hans Kennedy). Her er nokre av dei som er med i handlinga:
  • Marry, ei vanleg prinsesse
  • Dronninga
  • Hoffdamene
  • Statsministeren,
  • Ministeren for militæret,
  • Politisjefen, politihunden
  • Biskopen, som ho mor gruer seg mest til å møte :
"Tenk om han gir meg ein klem!
sa mor med eit stønn."
  • Hofflegen,
  • liv-vaktane Harry og Larry
og
  • vikarlæraren
med
"Den altfor ivrige stemma...
Dei altfor skinande auga..."
Som dykk vel for lengst har fått med dykk, boka har humor og eg trur at nokon og einkvar kan finne mykje i denne teksten, anten dei er born eller vaksne. Dessutan har boka poesi og er ei framifrå lettlestbok som forlaget og reklamerar for.

Men : kven ER forfattaren??? Boka heiter altså Foten veit (ha ha spenstig, eller kva) og foten KVEIT kven som står bak psevdonymet Marry, prinsesse av Europa!!!
Boka er altså illustrert av
Helena Olsson, nei Ohlsson meiner eg! Når eg søker opp namnet i Deichmans base ser eg at ho berre har illustrert ei bok før, nemleg Wow, 7 kjærestefortellinger som er kome ut i år. (Det ser ikkje ut som at Deichman har fått Foten veit enno).
Eg googlar litt og
finn ut at Helena Ohlsson er svensk slik som namnet og skulle tyde på men no bur ho i Oslo! (I kvert fall gjorde ho det i April i år.) Altså, KAN det vere ho sjølv som....Hmmm!

PS: Du likar ikkje prinsesser, seier du. Og er drit lei kongelege no, både prinsesser og gemalane deira? Eigentleg eg og men det gløymde eg heilt! Og - eg lovar deg - ingen soussjefar, verken tidligare eller noverande!

PS 2: Kvifor det MÅTTE vere ei prinsesse med? Nei, drit no i det! Ho Marry, Prinsesse av Europa rular!

PS 3 : nei folkens, no trur eg nesten vi må spele denne YouTube-videoen og dersom dykk lurar på kvifor så kan dykk berre fortsette med det! Eller lese boka!

PS 4 : Eg er no av dei som elska å hate ABBA i 70 - åra med denne filmen berre digga eg altså!

3 kommentarer:

Eva sa...

Trur eg må lese denne. Vart interessert etter din omtale og kanskje enno meir interessert etter at den vart slakta på Bokmerker.org. Det ser iallfall ut til å vere ei bok som engasjerer. http://bokmerker.org/?p=3289

ragnfrid sa...

Eg kan avsløre så mykje som at det ikkje er svenske Helena Ohlsson som gøymer seg bak Prinsesse Marry, ei heller forlaget, om det skulle vere ein spekulasjon!

elis lesebabbel sa...

Eva: Kidsa får jekke seg ned litt!
Ragnfrid :takk for oppklarende opplysninger.