tirsdag, oktober 06, 2009

Og så har jeg lest noen bøker igjen

Og i dag skal vi snakke om tre bøker for de minste eller rettere sagt de mellomste, nei jeg mener de mellom de minste og de mellomste barna. For de i alderen ... nei herregud, glem det!

Først Mystiske gjester; Sommervik 1. Det skulle vel mer enn antyde at dette er første bok i en serie. Boka er skrevet av Linn T Sunne. Boka er rett og slett morsom og småtrivelig med et koselig persongalleri, i fokus tre unger på 10 år. Et alvorlig og aktuelt tema, SPOILER ****asylsøkerbarn som er alene*** er også tatt med uten at det blir for "heavy", hva jeg nå mente med det.

Og så har Rune Belsvik skrevet sin andre bok om Jolver, og den heter rett og slett Forteljingar om Jolver. Han Jolver har ikkje forlatt sølepytten sin enno, men freistar så godt han kan å frigjere seg. Boka handlar - mellom anna - om forholda mellom barn og foreldra deira, og på den eine sida om vilja og på den andre sida angsten for å slippe taket. Mor hans Jolver gjer sikkert ikkje alltid dei riktige tinga, men som vaksen kan ein no og forstå mora nokre gonger sjølv om kanskje eg ikkje ville ha ... nei drit no i det. Det er ikkje så lett å vere foreldre heller. Men sjølvsagt er forfattarens sympati hos han Jolver. Ei av forteljingane handlar om vissheita om at tida går, Jolver forandrar seg heile tida anten han no vil eller ikkje. Boka handlar og om eit så trivielt tema som syskensjalusi, sidan Jolver har ein veslebror. Men ikkje mange handsamar dette temaet slik han Belsvik gjer. Det er ikkje så lett å vere den eldste , berre så dykk veit det. Språket et svært enkelt, men det er mykje å finne dersom ein går inn i teksten. Og det vil eg tilrå alle å gjere. Det er ikkje så mykje action i denne boka akkurat. Ei bok som byrjar med at ”Jolver står ved sølepytten”!? Er dette ei bok ungane vil lese av seg sjølve? Kanskje ei bok å lese saman.

Til slutt boka Mor og far i himmelen. Forfattaren er Alf Kjetil Walgermo. (Vonar eg har greidd å stave namnet rett, no då!) Dette var ein heilt ny forfattar for meg, eg får forsvare meg med at den fyrste barneboka han skreiv var ei biletbok, og som dykk veit er ikkje bilete det vi jobbar mest med på NLB.

Fyrste avsnittet er slik:
”Gud! I dag gjekk eg på skulen igjen. Det var rart å gå på skulen igjen. Alle var så rare. Så stille. Gutane såg ned i pulten. Jentene såg på kvarandre. Eg visste ikkje kva eg skulle seie. I friminutta hoppa vi paradis utan å krangle eller le. ” s 5
Begge foreldra er nett drepne i ei trafikkulykke, og hovudpersonen, ei jente ca 8 - 9 år (?), bur no hos besteforeldra, og det er snart jul. Altså, folkens dette er berre så dritbra gjort! Dykk kan no tenke dykk sjølve, dette kunne jo ha enda i den mest sentimentale gørra som tenkast mogleg! Men med små virkemidlar (hmmmm ER dette eit godt nynorsk ord mon tro) får forfattaren fram allverdas kjensler. Tenk dykk korleis dei må ha det! Dei skal feire jul for fyrste gongen berre dei tre – og utan mora og faren! Og dei lyt freiste å lage ei så god jul som mogleg.

Forfattaren fortel gjennom denne vesle jenta om uroa og usikkerheiten hos folk rundt henne, dei andre ungane og dei andre vaksne, som lærarinna til dømes. Som og er redd for å seie noko gale. Boka har og humor: jenta skal spele Maria i juleskodespelet i kyrkja, og så mistar ho jesubarnet:
”Eg stryk han forsiktig over hovudet. Det gjekk visst bra, seier eg forfjamsa. Ha, ha! Jesus lever, flirer storebroren til Siri på tredje benk, før nokre av dei vaksne ser strengt på han.” S 56
Og apropos Gud og Jesus. Der er svært sjeldan i dag å finne så mykje om Gud, Jesus og englar (nei forresten, gløym det med englane, dei har no mest vorte topp moderne i barne- og ungdomslitteraturen) i ei barnebok i det litterære ikkje- kristelege kringslaupet. Jenta veks opp i eit religiøst miljø, eller kristeleg heiter det kanskje, kyrka er ein naturleg del av tilværa deira og jenta snakkar mykje med Gud. Ho har mange spørsmål å stille han om dette med foreldra. Men dette er ikkje forkynning! Det er ikkje påtrengande. Sjølv ikkje for ein heidning som meg!

Eg må og seie litt om utstyret på boka. Dette er berre så delikat. Illustrasjonane til Øyvind Torseter er verkeleg fantastiske og kler teksten som det heiter! Orsak klisjeen!

PS: Hedning heiter heidning på nynorsk. Dette i følgje stavekontrollen. Då lærde eg noko nytt i dag og.

PS 2: Nokre gonger lurer jeg på om jeg skal fortsette å skrive på nynorsk når jeg skriver om nynorske bøker, jeg må innrømme at det ikke faller helt naturlig for meg. Kanskje noen også tror at jeg parodierer. Altså det gjør jeg ikke! Dette har jeg skrevet om før men gidder ikke å dra fram akkurat denne bloggposten igjen!

PS 3: Etiketten mulig Litteraturprisvinner 2009? Gjett!

PS 4: Boka (Walgermos) får meg til å tenke på debutboka til Harald Rosenløw Eeg, Glasskår. Handlinga her var også fra et kristelig miljø uten å lage noe tema av det.

PS 5: denne bloggposten er skrevet på en MacBook og nå er det like før jeg "går av" i ryggen! Så les denne bloggposten med andakt. Men nå skal jeg fortsette å lese denne håpløse boka.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, likte du Belsvik sin fortelling om Jolver, eller? Ellers synes jeg det er bra at du skriver både på nynorsk og bokmål! Man trenger å flekse litt mellom målføra!

elis lesebabbel sa...

Jaærrugæern! Det er tydelig at forfatteren har begynt med en mer "nedstrippa" stil. En reaksjon på de derre Tøddelblisterpytt-bøkene kanskje? Men han skriv no framleies om kjærleiken og det burde jeg kanskje ha nevnt. På festen til Barnebokinstituttet leste han høyt fra Ikkje ein drittunge lengre (debuten som kjent) og både det utdraget og et kapittel i Forteljingar om Jolver omhandlar en gutts tilnærming til det motsatte kjønn som det heter.

Men nå syntes jeg at unge Waldermo skulle få mest oppmerksomhet. Unnskyld : merksemd!

elis lesebabbel sa...

Pokker og! Eg meinte jo Walgermo. Må forfattarene ha slike vanskelege namn!

Tonita sa...

Ad PS 5:
Hvorfor får du vondt i ryggen av å bruke MacBook?

(Det kan da ikke være pga MacBook-bruk i heimen at jeg har vondt i høyre side av nakken?)

elis lesebabbel sa...

Antakelig sitte stillingen. Eller MacBookens plassering da jeg skrev denne blogposten. Akkurat denne inrettelsen har ingen fast plass i huset.