søndag, november 09, 2008

Og så har ein lese nokre nynorske bøker att

Nærare bestemt tre bøker om jenter. Og den eine med meir dritlekker design enn den andre.
Og då kan eg jo byrja med Om drittesekkar på tre måtar av Eva Jensen. Dette er noveller som mellom anna handlar om kjærleik (kjærleik i ei ungdomsbok, bombe eller kva!) , om å flytte heimanfrå som ung og byrja eit nytt liv på ein ny stad og om å stå på sitt og å seie i frå. Eller som det står i reklamen : det er ”mogleg å endre seg, eller å endre ting rundt seg”. Ei bok om sterke jenter altså. Det ser ut som at forfattaren tok seg ei pause på nokre år før denne. Og kvifor skal no forfattarane skrive ei ny bok kvart einaste år, då? Boka er så god at hadde eg hatt tid hadde eg lese ho ein gong til. Det er jo ikkje lange boka heller så kanskje eg gjer det. Eg hadde heller ikkje vorte forundra om denne boka hadde verte nominert til den der prisen dykk veit. Så labelen ”mulig barne- og ungdomsprisvinner” gjeld denne boka.

Men Blå Blondie av Linn T Sunne er no heller ikkje nokon dårleg bok. Den handlar om mellom anna heimeåleinefestar, venninner, drikking, kjærleik og om dødssjuke systrar. Altså dei vanlege ungdomsgreiene. Dette er ei lettlestbok i Kometserien, kor bøkene vert delt inn etter eit sinnrikt system. Bøkene for dei yngste (7 – 8 ) er gule, så kjem dei grøne, så dei oransje og ungdomskometane ser ut til å vere blåe. Kva desse fargane symboliserer er ikkje så lett å gjette seg til, kunne kanskje tru at grøn hadde passa best for dei aller yngste grønskollingane men gult er jo og kult.

Og så har eg lese Alle har eit sultent hjerte av Bjørn Sortland. Dette er det ein kallar ein ”Road movie” eller kanskje det kallast ”roadroman” – eller ”road novel”? Eller vegroman kan ein kanskje skrive. Eg trur vi går for den i dag, eg. Vegroman. Eg – personen, Ina, 16 år er gravid og sit på med barnefaren, Erik, over fjellet (Hardangervidda?) til Oslo der ho vonar å få støtte hos ei eldre venninne. Dette er og ein roman om å verte vaksen og alle dei greiene der. Og om å finne seg sjølv. Slutten er open. Omslaget virka litt merkeleg, men når du les boka skjønar du kvifor dette fotografiet er brukt. Det einaste eg stussar litt over er om denne jenta verkeleg kan vere 16. Men som Ina sjølv fortel : ho ser yngre ut enn alderen sin.

Så nokre musikkreferansar att.
The Jesus & Mary Chain er ei gamal 80-tallsgruppe som Ina likar. (Berre ho, ho kjenner ingen andre som høyrer på denne gruppa). Eg har no heller aldri høyrt om dei, men så var eg no og litt i småbarnståka på den tida. Her har dykk ein live versjon frå YouTube med den låta ho Ina høyrer på i boka. Tøffe saker.

No reknar eg med at dei fleste skjønar at tittelen ”Alle har eit sultent hjerte” av Bjørn Sortland er inspirert av Hungry Heart av Bruse Springsteen. Her ein Youtubevideo for dei som orkar å høyre denne songen ein gong til.
Han Erik kjøper ein CD av Bruce Springsteen som kom ut for eit halvt år sidan, og då dei spelar han så er det dette refrenget som dunkar i kroppen hennar Ina : ”I just wanna feel your rhytm, I just wanna feel your rhytm, I just wanna feel your rhytm (Eigentleg stavast det slik Aschehoug: rhythm. Dykk lyt stramme opp manusvaskaren dykkar! ) Songen er altså – nei eg visste det ikkje, eg måtte google - Radio Nowhere. Frå albumet Magic som kom ut i 2007. Og her kjem denne songen dersom dykk ikkje har høyrt den nok gonger før.

Kva alt dette har med boka å gjere? Eigentleg ingen ting. Og ikkje gidd eg å mase meir om ”gubbemusikk”i ungdomsbøkene og desse greiene meir heller. Ein ting som i kvert fall er bra : The Boss har – så vidt eg veit – aldri spela inn Hallelujah. (Og hallelujah for det).

Litt attende til boka att. Boka er ein såkalla punktroman og nok litt krevjande for unge lesarar? (Ikkje at det gjer noko, jammen kan dei få noko å bryne seg på, latsabbane!) Eg likte den førre boka hans betre (blogga om her) men noe var jo ikkje humøret det beste då eg las denne siste boka heller då, og det kan jo og spele inn. Har eg for resten ikkje blogga noko om dette før og, då?

PS: Den nynorske stavekontrollen protesterar på ”sultent”. Den vil berre godta ”svolte”. Word altså! Rimeleg arkaisk, ja!

PS: nei det er IKKJE noko gale med Bruce! Det vert berre litt mykje nokre gonger.

PS Haha : Ina kallar seg ”bygdis”. Dette var eit nytt ord eg aldri har sett før!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Bjørn Sortland forsvarte tittelen da han var på besøk på Ungdomsbokgildet i Drammen i oktober. HAN sier nemlig ikke svolte hjarte på sin dialekt, ergo ble det sultent hjerte, selv om det ikke er korrekt nynorsk. Han er nå morsom da, definitivt førstevalg til neste forfatterbesøk hos meg. :D

elis lesebabbel sa...

Nå har jeg sjekket ordboka også. "Sulten" står ikke i nynorskboka mi. (Alf Hellvik Nynorsk ordliste. Godkjent av norsk språkråd i år 2000).

Men er man innfødt nynorsking kan man kanskje ta seg noen friheter.