søndag, februar 02, 2014

Stranger in Paradise

Og då skjønar vel alle ... eller kanskje ikkje – men korleis no alt er, så har eg endeleg fått lese den tredje og (mogleg) siste boka i serien om Vaskehjelpa. Og då er det Ei beine att av Arnt Birkedal vi skal snakke om.

Sidan sist har Vaskehjelpa kome på Pleieheimen, av di ho har vorte noko tutlete. Og sidan går vegen til himmels – og då vert ho heilt klar att. Der fer ho rundt som ein annan Dante Alighieri, og møter mellom anna
  • Bokbussbibliotekaren,
  • vekas forfattar, som tilfeldigvis er P. Chr. Asbjørnsen
  • Han Gud sjølvsagt,
  • Sigvart Dagsland (!)
  • ein gjeng heidelbergensarar
  • Arnardo,
  • dei vekksprungne fedrane, som har grunnlagt ein fristad og ein festningsby, kor dei gøymer seg for
  • Tore på Sporet og folk med ryggsekkar med NRK-logo på, som jaktar på ”far til far til far til far til einkvan att”,
  • Den heilage Anden (DHA)
  • Anders Vassbotn (Veit de ikkje kven han er? Skjerp dykk!),
  • tvillingsjeler
  • Moses
  • smørsongarar
  • Homsen Malvin, som vi kjenner frå dei to fyrste bøkene dukkar og opp
  • og venen hans.
  • Og sjølvsagt englar, men ikkje akkurat dei heilt vanlege ”glansbileteenglane” då.
  • Med fleire.

Boka er velskriven, som vanleg full av herlege anakronismar, kreative ordspring, digresjonar og litterære referansar ( til Lewis Carrol til dømes) og elles stor poesi.
Eg lyt vel og nemne at boka ikkje berre handlar om døden men og om kjærleik.

I 1953 spela Tony Bennett inn songen Stranger in paradise. Berre nokre veker seinare var det Tony Martin sin tur. Men ikkje berre dei, Bing Crosby og Eddie Calvert hadde og hittar med den same låten. (Alt dette kan de lese om på s 72 i boka, berre at der står det at Tony Bennett hadde ein hit med songen i 1955. Wikipedia meiner altså noko anna, men det same kan det no og vere.) Og jammen har ikkje han Engelbert Humperdinck og spela ho inn. Og sjølvaste The Supremes! Med fleire.



Men så fann eg ei riktig stilig innspeling av Heddy Lamarr. Og då kan vi jo nytte høvet til å få denne ein gong så store og - allsidige - artisten fram frå gløymsla.

Men no gjorde eg jo eit skikkelig krumspring bort frå sjølve boka. Birkedal er ein eigen sjanger, heilt for seg sjølv. Det er synd at ikkje desse bøkene har fått den merksemda dei fortener, kan det vere av di dei vert for vanskelege å putte i nokon bås? Forlaget kallar denne serien for ungdomsbøker, men det kan kanskje by på visse utfordringar å selje serien inn hjå ungdomsgruppa. Men no har i kvert fall eg gjort mitt for å få bøkene fram i ljoset!

Det er sikkert fleire enn meg som slit med den eine middelmåtige barne- og ungdomsboka etter den andre. Berre unn deg desse perlene av nokre bøker! Av di du fortener det!

Ingen kommentarer: