tirsdag, september 09, 2008

Og så ein debutant att

Denne gongen ein historisk roman. Historiske romanar for born og unge kan no vere så ymse og det er fleire fellar forfattaren kan gå i her. Og det gjeld ikkje berre debutantar! Kanskje eg kjem til å blogge litt meir om dette ein gong men ikkje no.
  • Nokre gonger kan personane i boka vere svært notids, nett som om dei berre er putta i historiske kulissar.
  • Nokre forfattarar vil liksom syne kor mykje dei veit og skal stappe så mange opplysningar som vel mogleg i handlinga.
  • Samstundes skal jo boka og vere korrekt. Ein kan til dømes ikkje la personane spele med messinghorn i ei bok som handlar om vikingtida.
Eg tykkjer at denne debutanten kjem svært godt i frå det. Boka handlar altså om ei ung jente som vert misbrukt av stefar sin. Handlinga er frå 1734. Sidan forfattaren er historikar og ho nett har skrive ei masteroppgåve om ”blodskamsaker frå Trondheim Stiftamt 1729-1742 med utgangspunkt i Tukthuset i Trondheim” må ein rekne med at ho veit kva ho skriv om. Eg trudde i kvart fall på denne historia. Det er nok slik det kunne vere den gongen. Sjølv om forfattaren sikkert veit mykje om denne tida vert det ikkje påtrengande.

Det er berre ein ting eg undrar meg litt over. Sa ungdomane hei til kvarandre på 1700 – talet?

Det krevjande temaet incest, eller blodskam som det heitte på denne tida er og handsama utan å verte spekulativt og tabloid.

Språket er særs gjennomarbeida og som det står på vaskesetelen : det er ein poetisk roman. Men eg får ikkje heilt tak på ho Ingeborg. Kanskje det vert noko for poetisk - for meg i kvert fall. Og - kanskje hadde vi komme nærare personen dersom boka hadde vore skrive i første person? Men då måtte vel forfattaren ha forandra på språket. Det hadde vorte ei heilt anna bok.

Det er fleire ungdomar som har sagt til meg at dei likar best bøker som er skrive i ”eg-form”. Det kan nok ha sine årsaker. Kanskje eg skal blogge om dette ein gong – kanskje ikkje.

No er det snart tid for å spekulere på kven som skal få debutantprisen att. Ho Basso ligg godt an. Eg hadde vore særs forundra om ho ikkje i det minste vart nominert!

Ja farken og - no heldt eg på å gløyme tittelen på boka att : Ho heiter altså Ingen må vite.

5 kommentarer:

Elin sa...

Jeg skal lese den på en av mine "jobbe hjemmefra"-dager nå som jeg er aktivt sykemeldt. :D (Synes jeg er en god ting, jeg har tross alt boka på biblioteket. Og kommer til å legge ut en omtale på biblioteksidene).

Anonym sa...

Hvorfor skriver du enkelte bloggposter på nynorsk? Er det for å være politisk korrekt, på samme måte som NRK?

elis lesebabbel sa...

Svaret finner du her

Kari Folvik sa...

Eg har veldig lyst til å lesa denne boka, men eg står som nr 8 på ventelista på Deichman ( dei har førebels berre kjøpt inn 1 ex til magasinet på Barne-og ungdomsavdelinga!)

Kari F

elis lesebabbel sa...

Ja men i svarte og, då!!! Deichman lyt skjerpe seg altså! Har ikkje motteke K-fondeksemplara då kanskje.

Eg kunne ha sendt deg eit eksemplar men denne boka skal vi ha både på lyd og punkt og vi har berre to eksemplarar!