tirsdag, september 09, 2008

Og så ein robinsonade att!

Boka heiter Kensukes rike og forfattaren er Michael Morpurgo. Det finst fire bøker av Morpurgo på norsk. For tre år sidan kom ei bok som heitte Det sovande sverdet. Den syntes eg var noko affektert så eg frykta det verste då eg skulle byrja på denne.

Men denne var betre enn eg trudde! Boka handlar mellom anna om å kome bort frå dei ein er glad i, treffe nokre nye å verte glad i, men kva hender når ein møter dei ein kom bort frå og ein då lyt velje?

Boka liknar litt på Gogo av Barbro Lindgren som og handlar om ein gut som er på ein båt som forlis, kjem bort frå far, hamnar på ei øde øy og møter den snille gorillaen Gogo.

I Kensukes rike er det ingen gorillaer. Berre ein masse orangutangar. Nokre artige typer.

Men no altså! No MÅ eg sjå litt på fransken att! No er det delingsartiklar som gjeld!

6 kommentarer:

Ida Lovise sa...

Om den var betre enn du trudde så kan eg vel sjå lyst på det at eg har den der på pensum. ;) hehe

elis lesebabbel sa...

Hehe! Jau då, jau då. Orangutangane er og særs nøgde med å ha vorte pensum på Hio, Bibliotekarutdanninga!

Ida Lovise sa...

Det er en strikkebutikk på oslo city, det kan ein vel kalle veldig sentralt. Har i grunnen ikkje så veldig peiling på strikkebutikkar her. Husfliden i Rosenkrantz Gate er jo alltids bra, mykje fint ein kan lage i finull. Og så er det ein strikkebutikk i valkyriegata. Det er også ein rundt høgskulen ein plass. Hugsar ikkje kva den heiter, men den er liten og eg trur dei ikkje har garn som egnar seg for gubbesjerf.

elis lesebabbel sa...

Takk søte Ida Lovise for at du tar deg tid til å svare på min blogg enda jeg stilte spørsmålet på din! Da har jeg fått nok tips!

Gubbeskjerf! Den var god altså! Hahahaha! Nå MÅ jeg jo bare sette i gang. Regner med at jeg skal bli ferdig til jul.

Se ikke bort fra at jeg legger ut bilde på Billedbabbelet av det ferdige resultatet - med eller uten gubbe :-)

Tonita sa...

Når du har fått delingsartiklene på plass kan du få (ikke låne) La touche étoile av meg - selv om du er litt i yngste laget ...

elis lesebabbel sa...

Jeg - i yngste laget? Kanke være mulig!