søndag, september 21, 2008

Ei bok som er så vakker at det nesten gjer vondt

å lese ho! Men og med mykje humor. Og då skjønar vel dei fleste at det er den siste boka til Arnt Birkedal eg snakkar om! (Her eit bilete av forfattaren med eit skilt til Gaulevik. Eg trur det berre er lureri, det er nok ein fiktiv stad).

Boka er ei herleg mix av myter, eventyr, folkeviser og anakronismar slik berre han Birkedal kan gjere det! Vi møter mellom anna skogguden Pan, kongen av Danmark, lille Lulu (Betre bilete her) og så møter vi eselet frå ”Biblioteket på do” att, no diverre ”daudt og skadeskote”. Eller kanskje det er eit anna esel denne gongen.

Vi er i Gaulevik ”før, den tida det budde menneske der”. Hovudpersonen er ”minsteguten i huset” som ”er både gild og stille” og ein kunstnarsjel. Han held ikkje ut all denne gauling, han vert halden utanfor i kameratflokken men til slutt *** spoiler*** gjer han opprør og så finn han seg sjølv som det heiter. (Tja spoiler og spoiler – er det ikkje slikt dei fleste ungdomsbøker handlar om då?)

Eg lyt vel ta med nokre sitat og. (Det er mykje å velja mellom men eg kan jo ikkje sitja her heile dagen så no lyt eg berre bestemme meg)
”Ein dag guten satt i kjøkkengrua, med eit surmjølkglas og ei krotekake, klappa katten, stirde i glørne og drøymde seg bort til alle vegkroene i helvete, kom mormor hans listande bort til han”.
Eller kva med denne då dykk:
”Han satt nett på ein låg liten skammel og åt utvatna arme riddarar, og drøymde seg bort til dei skinande jukeboksane i himmelbyens tronge bakgater”
Til slutt nokre musikkreferansar:
(Ja det var vel slik musikk 59 – årgangen høyrde på ”i den tida”)

Du bør ha litt ro kring deg når du les denne boka, og ikkje drive å fjase med så mykje anna rart!

Eg klarer nesten ikkje å vente til neste bok av han Birkedal!

PS 1 : For snart to år sidan no vart Arnt Birkedal nominert til prisen med det lange og umoglege namnet men han nådde ikkje heilt opp. Eg meiner at Gaulevik er enno eit hakk betre enn ”Kaninboka” så neste år får han nok prisen! Og då Giske må du hugse at forfattaren heiter ikkje ARNE Birkedal! Han heiter Arnt.

PS 2: Og då vil eg heilt til slutt introdusere ein ny label att : ”Mulig barne- og ungdomsbokprisvinner 2008” .

PS 3 : Neimenisvarte langtinnigaulevika då!! Er ikkje bøkene hans oversette til nokon andre språk! Hø! Hø hø! Dette er både ein synd og ein skam!

PS 4: Byen Paris er og så vidt nemnd i boka. Desse Samlaget -forfattarene er jo heilt besette av Paris, dei! Kan ikkje forlaget deira berre kjøpe eit lite husvære i Paris som forfattarane kan bu i, då! Eller kanskje dei er redde det vert for mykje raudvin og gåselever på dei?

PS 5 : Og så skal vel ein eller annan spørja om dette er noko for ungdommen, att. Og der har vi jo eit problem. Men det står no ikkje noko om at denne boka er forbode for vaksne heller då!

PS 6 : Just read the book. Du finn ho nok på eit bibliotek nær deg så snart ei ny pulje med K-fondbøker kjem! Dette er og ei bok du kan koste på deg å kjøpe, ho kostar ikkje meir enn 179 kroner eller to flaskar raudvin på polet. Og for å seie det med gode gamle Baudelaire : man kan rusa seg på god litteratur og.

Ingen kommentarer: