onsdag, januar 28, 2015

Å sørgje på sosiale medium

Og no skjønar de kanskje at det er Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo det skal handla om.

Då eg oppretta facebookprofil for nokre år sidan, syntes eg at det var merkeleg og makabert at vener skreiv på facebookveggen til folk som nett hadde døydd. Men så var det nokon som forklarte meg at dette var av ein trong til å ha ein stad å komme saman i sorga.

Då Amalie døyr like før ho fyller 15 klamrar den eitt år eldre søstera Eli Anne seg til facebooksida hennar. Foreldra vil ( forståeleg nok) slette sida, men Eli Anne vegrar seg. Her føler ho at ho framleis kan halde ein slags kontakt med søstera. Her kan ho sjå gamle oppdateringar og bilete.


Alf Kjetil Walgermo har skrive tre bøker som alle handlar om døden, alle med jenter som hovudperson. I eit intervjuet i Dagsavisen forklarer han kvifor han skriv om ei jente att:
” For det første utfordrer det meg selv å skrive om en person som tilsynelatende er så ulik meg selv, selv om alle romanfigurene vel på sett og vis er en slag forlengelse av forfatteren selv. For det andre er jenter kanskje hakket mer aktive og meddelssomme i sosiale medier enn guttene. Det blir mer realistisk.”
(Eg reknar med at han kanskje sa det på nynorsk, men kanskje ikkje Dagsavisen har nok journalistar som skriv på nynorsk? Og då fekk vi jo enda eit argument for obligatorisk sidemål på vidaregåande skule. )

Boka handlar ikkje først og framst om bruk av sosiale medium ved dødsfall – forfattaren sjølv tar inga stilling til sletting eller ikkje av facebookprofilar - men dette er vorte ein genial måte å skildre sorga til denne unge jenta. Eli Anne gjer nokre innstillingar på facebook slik at ingen andre enn ho sjølv kan sjå kva ho skriv til søstera. Ho kan uttrykke seg heilt utan filter. Og dette er hjarteskjerande lesing. Forfattaren skjer inn til beinet. Ikkje eitt ord eller ei setning er overflødig. Men poetisk og med høg intensitet.
”Kva tenker du på der nede? Kjenner du at frosten er på veg? Eg gruar meg til å legge meg i kveld. Eg frys på føtene og langt oppetter beina, som om kulden i jorda har krope opp i meg.” s 15
Dette er ei sterk skildring av ei jente i så djup sorg at ho vert heilt lamma. Ho orkar ikkje spele piano lenger, sjølv om ho har talent, og ho isolerer seg heilt. Skuldkjensler gjer at sorga blir ekstra tung å bere. Det var mykje usagt mellom jentene den siste tida, som (den hemmelege ) skrivinga på facebooksida gjer mogleg for Eli Anne å få ut.
”Legen har sjukmeldt meg fram til jul. Det eg lurer på, er om eg nokon gong kan bli glad igjen”
Eg reknar og med at mange søstre kan kjenne seg igjen i denne forteljinga, sjølv utan at nokon av dei er døde. Forholdet jentene imellom var ikkje konfliktfritt då Amalie døydde. Dei var i ferd med å gli frå kvarandre, slik søsken i denne alderen ofte kan gjere. Og her er det den yngste av dei som er på full fart mot noko nytt. Eli Anne reagerer til dømes sterkt då Amalie slutar å spele piano, og utviklar musikksmaken meir mot punk.

Forfattaren får og fram kor sterke kjensler ungdommen kan få for musikk, og det stigmaet som kan vere mellom ulike musikksjangrar – og preferansar. Amalies sterke kjensler i møtet med musikken til Patti Smith kan eg hugse får mi eiga ungdomstid; denne begeistringa og lidenskapen som berre ungdommen er forunnt.

I denne bloggen har eg jo før vore inne på korleis den eldre forfattaren lar unge hovudpersonar like den same musikken som då dei sjølve var unge. Patti Smith, ei avdanka gamal punkdronning! Som vi gamle kjerringer flokkar oss rundt kvar gong ho til dømes vitjar Norwegian Wood? Men eg gidd ikkje gjere noko nummer av dette no att. Det kan jo og vere ein risikosport for den vaksne forfattarar å gå inn i musikken dei unge høyrer på no. Korleis kan dei vite kva som er kult for ungdom? Ein kan jo gå heilt i baret, akkurat som dei som freistar å bruke ungdomsslang i bøkene. For alt eg veit er det kanskje meir vanleg i dag at ungdomar høyrer på den musikken foreldregenerasjonen høyrde på? Sjølv om VI skydde den musikken foreldra våre likte. Og - kanskje musikken rett og slett VAR betre føritida?

Og då kan vil vel til slutt spele litt musikk att? Men kva skal eg velje då? Det hadde sjølvsagt vore naturleg å finne fram noko av Patti Smith. Nokre av dei songane som det vert referert til i boka til dømes. Eller nei.



No skal vi høyre på  det som var den største musikkopplevinga EG hadde då eg var ung, og 13 år gamal høyrde Jimi Hendrix på TV for fyrste gong og ikkje trudde mine eigne auge eller øyro!

PS: dette blogginnlegget er som vel dei fleste har oppdaga skrive på nynorsk. Takk til nynorsk ordliste hos Språkrådet. Eg har verkeleg dei største intensjonar om å skrive korrekt nynorsk. Vonar ingen vert sure på meg dersom eg ikkje får det heilt til.

Ingen kommentarer: