fredag, juli 20, 2012

There's a place for you and a place for me, it's the local public library

Eg kan tenke meg meir spanande ting å gjere enn å besøke bibliotek når eg er på ferie. Men denne sumaren har eg besøkt ikkje mindre enn to bibliotek. Det eine biblioteket snubla vi no mest inn i og det andre oppsøkte eg heilt frivillig. Og folkens, det angrar eg ikkje på! På Lom folkebibliotek held dei formidlingsfana høgt skal eg seie dykk, og går ikkje av vegen for "utfordrande formidlingssamtalar! "

Jaudå! Biblioteket kunne ha vore større, bokbudsjettet høgare, personalet fleir og alt det der, men her sel dei dei jordbæra dei har for å nytja BI-språket - og det til gangs. Biblioteket har lege på utlånstoppen i Oppland i mange år., og har vel fortent Bibliotekprisen i Oppland for 2012. 

Bloggen 3 vise kvinner ( som er den beste bibliotekbloggen i heile dette land) synar den gode stemninga i biblioteket og korleis kundane deira vert møtt, her er det lånarane og menneska som er i sentrum. Og sjølvsagt litteraturen.

Så dette var sumaren då vi endeleg skulle vitja denne perla midt i Nasjonalparklandsbyen som denne fjellbygda kallast no.

Og forventningane var høge!

Biblioteket ligg ikkje langt unna den vakre Lomkyrkja.

Nemleg i Prestgarden. Men kor? Bak kanskje?


Og no kan vi puste letta ut!  Her finn vi den kjente, kjære biblioteklogoen frå slutten av 70 - talet. Ups!  SA eg logo? Ja, dei som har følgt med litt har jo fått med seg den heftige logodebatten som har gått den siste tida. Skal biblioteka ha ein felles logo eller ikkje? Men for høvet let eg og mitt reisefylgje logo vere logo. Vi var berre vel nøgde med å bli møtt av  denne smilande jenta som kan stadfeste at biblioteket er ope!


Her poserar mitt fylgje på bibliotektrappa, stinn av forventningar. Endeleg skal han få kome til ein stad der bøkene er i sentrum.


Inne på biblioteket vart vi møtt av den visaste av dei tre vise. (Ikkje til noko forkleining av dei to andre viskvinnene men det er trass alt ho Rita som er sjef!) På veggen bak ho ser dykk eit portrett av Knut Hamsun, som Lomværarane meiner er født i Lom. (Dette faktum kan jo kanskje diskuterast, men kvifor skulle vi øydelegge stemninga med slike bagatellar!)



I denne monteren ser vi fleire utgåver av den store forfattarens bøker oversatt til fleire språk.


Men det er fleire store diktarar knytta til denne fjellbygda. Her eit måleri av Olav Aukrust, som er begravd på kyrkjegarden i nærleiken.

Men vi lyt heller ikkje gløyme Tor Jonsson, som levde slik eit tragisk liv, og som og ligg på den same kyrkjegarden.  


Så får vi vel ta med oss eit par interiørbilete av dei lyse romma med duse fargar. Dette er eit bibliotek kor det er godt å vere. ( Det var jo særs ( nesten skummelt ) ryddig den dagen vi var på besøk, til og med i barneavdelinga, men då skal vi hugse at dette var midt i sumarferien!)


Eg synst og vi lyt ta med kaffeautomaten, kor lånarane kan forsyne seg med gratis kaffi. Eg kan tenkje meg at praten går over koppane i meir travle tider. Og den personlege kontakten er og noko som dei vise kvinnene  legg vekt på. Ingen utlånsautomatar herigarden altså!


Og alle var einige om at dette var biblioteket sitt, noko mitt reisefylgje tydeleg synar her.

EDIT: 22 mars 2013: Bloggposten er stengt for kommentarer siden en eller annen idiot spammer den!

Ingen kommentarer: