torsdag, juli 08, 2010

Og elva seier yåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyå

Då eg dreiv og blogga om denne boka kom eg på ei bok som heiter Ulvehunger av Elise Fagerli, men ho har og illustrert ein anna bok; Den gongen eg var elvefiskar med tekst av Rolf Sagen. Begge desse bøkene kom ut i 1995. Sidan har det ikkje komme fleir bøker med illustrasjoner av Elise Fagerli. Dette fordi ho – så vidt eg hugsar- døydde i ung alder.

Boka byrjar slik:
”No er det no
men før var det før

Og før var eg elvefiskar

Ein elvefiskar fiskar i elva
Ein elvefiskar prøver å fange den store laksen
Den gjævaste av alle fiskar
men den vanskelegaste å fange”
”For eg ville så gjerne
at mor mi og far min
og mormor og morfar
og farmor og farfar
og alle onklane mine
og alle tantene mine
og alle venene mine
skulle vere stolte av meg”

Dette biletet er teke med for å syne korleis teikninga på snedig vis er integrert inn in teksten
”Og elva suste og song den gamle strie elvesongen
yåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyå

Og medan eg høyrde på denne songen fekk eg sjølv
lyst til å synge
yåyåyåyåyåyåyåyåyåyåyå

Den songen kan eg ennå den:
Yåyåyåyåyåyåyåyåyåyå”
Den gongen eg var elvefiskar finst forresten og som E-bok på NB!

Som dykk skjønar er det mykje poesi i teksten, alle repetisjonane gir ei suggererande effekt og dessutan har boka humor i massevis. Korleis det går med den vesle karen skal eg ikkje røpe her men heilt gale kan det jo ikkje gå. Dette er altså ei bok om å fange den store fisken (laksen) men og om trongen til å bli elska og sett.

Då boka kom ut las eg ho for sonen min som då var 11 – 12 år gamal. (Herregud alt det den guten har vore utsett for når det gjeld barne- og ungdomsbøker men slik lyt det vere når ein er bibliotekarbarn!). Boka er kanskje det som kallast ”smale bøker”, kva no pokker som eigentleg meinast med det, men han likte no boka han. (Og elva seier yåyåyåyåyåyåyåyåy!)

Når eg no sit her og snakkar om fiskebøker, det finst no nokre fleire bøker om drøymen om å fange storfisken! Men akkurat no kom eg ikkje på ein einaste ein, då bortsett frå Den gamle mannen og havet av han Hemingway men derimot kom eg på ein film. Kva var det no den heitte igjen, då, eg hugsar i kvert fall at han Brad Pitt var med i filmen ... nei no lyt eg spørja IMDB, att... vent no litt ... jo, filmen heitte A River Runs Through It. Ho var vel så vidt eg kan hugse litt sånn Hollywood-aktig , men eg likte filmen likevel, eg! Og – trur dykk ikkje at eg fann YNDLINGSSCENA mi på YOUTUBE og då, med ein pur ung Brad Pitt, lenge før alt dette ståket med ho Angela Jolie eller kva ho no heiter att, silikonleppar har ho og, men altså tilbake til filmen; no var det like før hovudet gjekk tvers gjennom skjermen med panna først og eg må no innrømme at eg vart litt tjukk i halsen og. Feelgood som berre pokker, folkens!

Men no tilbake til boka, her er og feelgood men (heldigvis) av det meir ... rolege slaget! Og då har i kvert fall eg gjort mitt for at denne boka skal komme fram i ljoset att! Ho fekk alt for lite merksemd då ho kom ut og!

Ingen kommentarer: