fredag, november 21, 2014

A swallow song

Ein vakker haustdag dukka jammenmeg den siste boka av Arnt Birkedal, som heiter Svalesukk, opp i postkassa mi. Etter å ha pløgd meg gjennom halvgode fantasybøker og dystopiar og andre fortredelegheiter heile hausten til ende er det ein fryd å lese ei bok av Arnt Birkedal att! Eg berre seier det : dette har eg fortent. Dette gjev meg trua på litteraturen att. Og reddar det som måtte vere att av forstanden min. Takk og takk!

Denne gongen forlèt vi jærlandskapet og køyrer gjennom ”tre bølgjande, lubne fylke. Me skal halvegs til Sverige og vel så det.” Far er att heime, og mor har teke med seg sonen sin ( som er i tenåra) til hytta. Ei hytte som er vorte modernisert og utvida med fleire rom, men sonen saknar ”hytta vår slik den var meint å vera, slik den alltid var. (...) Med ein sliten utedass ytst på tunet. Med koiekøyer, berebjelke. Muselydar, krypeloft.” Og som ”kvilte så naturleg i søkket sitt, hytta vår, då den var gammal og lita.” .

Som de kanskje skjønar, det er skilsmisse på gong, men faren får aldri somla seg til å ”pakka pakket sitt i snipptaska, lesa og sirkla inn husværeannonsar. Til bare å sjå å komma seg ut. Ålreit, ålreit, ålreit, seier han.”

Andre vi møter i denne boka er den amerikanske presidenten, indianarar, Stomperud, eller 91:an som dei kallar han over svenskegrensa, Stompa og Olsenbanden og andre frå populærkulturen, dei fleste gamle kjenningar i Birkedaluniverset.

Fuglane speler og ei viktig rolle i denne boka, framfor alt svalene sjølvsagt, men og andre fuglar som hegre, skarv, vipe og tjeld til dømes.

Og så møter vi den Heilage Anden att, Jesus, Gud og jammen kjem ikkje Vaskehjelpa og på ei lita gjesting. Og han Lasarus sjølvsagt!

Kva boka handlar om? Anna enn hytteturar og skilsmisser? Og skulelivet som Birkedal skildrar på sitt eige vis? Tjaaa... Om oppbrot til dømes. Og å kome seg litt vidare i livet.

Som vanleg for denne forfattaren er boka full av overraskande vendingar. Ho har ei fin blanding av lyriske parti (naturlyrikk til dømes) og leikande krumspring, nokre av det anakronistiske og nostalgiske slaget. Boka er vakker som ei folkevise. I Birkedal - land er det godt å vere.

Så då kan vi til slutt høyre på den vakre songen A swollow song som eg synest tar opp mykje av stemninga i denne boka! 



Lenkje til You-Tube-videoen

Og då har eg enda ein gong gjort mitt for å gjere mine lesarar merksame på dette særeigne forfattarskapet. Og meir kan ikkje eg gjere! For å seie det med ein annan stor diktar : Eg har gjort kva gjerast skulle.

PS: Wigestrand: Eg ser at noko av det eg skreiv om den førre boka er sitert på smussomslaget på "Svalesukk": dersom de kjem til å bruke noko av det eg har skrive i denne bloggposten:  berre korriger nynorsken min.  Eg lovar å ikkje bli fornærma!

Ingen kommentarer: