tirsdag, august 21, 2012

Livet på bygda er ikkje berre berre

Fuck off I love you er den fyrste ungdomsboka av Lars Mæhle sidan Landet under isen. Denne gongen har forfattaren nøgd seg med 160 sider, mens Landet under isen er på over 500 sider. I Fuck off I love you tek forfattaren opp etiske og filosofiske spørsmål, som å våge å stå imot press, kor mykje ein kan styre livet sitt sjølv, om den frie viljen etc.

Vi får allereie i byrjinga av boka vite at noko fælt har hendt. Eg-personen ( Vegard 16 år) fortel til psykologen sin. (Eit ikkje heilt uvanleg grep dette utan at eg no hugsar kor eg har sett dette før.)

Av sentrale personar er - i tillegg til Vegard altså -
  • Maria, som han er forelska i,
  • mora, litt svak,
  • bestekameraten og
  • andre vener. Og så kjem altså
  • Two-Face, som er noko eldre og har vore i fengsel. Ein brutal type og på alle måtar ein usjarmerande fyr.
Two-Face tvingar gutane med på eit ”opplegg”, og Vegard tør ikkje å stå imot. Eg trur ikkje at eg her skal røpe kva dei vert pressa til å gjere, men kan kanskje seie at det har med rasisme å gjere. Dei tek seg og ein tur med danskeferga, kor det – kanskje ikkje heilt uventa – går ganske vilt for seg.

Historia er effektivt fortalt, på s 73 til dømes bryt mora samen ( kvifor kan dykk lese om sjølve) og på s. 75 har ho hamna på psykiatrisk sjukehus. Språket er drivande, forteljinga er spanande med ein riktig overraskande slutt. Trass i det noko knappe omfanget kjem kvar av personane tydeleg fram. Personskildringane er levande og Two-Face er så skummel at ein får frysningar.

Forfattaren fekk Uprisen for Landet under isen, og det skulle ikkje forundre meg om det kan vanke ein pris på denne boka og.

PS: Som vanleg skriv eg på nynorsk sidan dette er ei nynorsk bok, men etter å ha skåra ein ikkje altfor imponerande poengsum på denne testen lurar eg på om eg frå no av skal halde meg til bokmål. Og nett DET var vel ikkje meininga med den testen dykkar språkrådet!

Ingen kommentarer: