Viser innlegg med etiketten Nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nynorsk. Vis alle innlegg

torsdag, november 01, 2007

Den nynorske tresemje-formelen

"Edmund Austigard høyrer til i det absolutte tetsjiktet i det sterke nynorske humorfeltet, saman med moromenn som Ragnar Hovland og Are Kalvø. Den som likar dei, vil ha det topp saman med Austigard."
Skriv Dagsavisen om denne boka.

Den som likar Hovland likar Kalvø. Og den som likar Kalvø likar Austigard. Og den som likar Austigard likar Hovland. Enkel logisk nynorsk tresemje.

Den som likar A likar B. Den som likar B likar C. Og den som likar C likar A. Dersom nokon derimot berre likar A men ikkje B vart det derimot litt meir usikkert med C. Og dei som berre likar C kan ein no ikkje vere trygg på. Noko gale med barndommen då, kanskje. Og dei som berre likar anten A eller B eller C, dei altså...

Kva med dei som likar Kjartan Fløgstad for resten? Altså D. Kan dei og like A, B og C? Noko ergerlig i tilfelle for då går jo heile denne teorien om tresemje-formelen til helvete.

PS:
Tresemje? Nei det har då ikkje noko med tre å gjere! Han Hellevik seier at ein og kan bruke ”treeinigheit” men der protesterar stavekontrollen min vilt!

PS 2
Jo då, eg skal sjølvsagt lese denne boka, men eg må vel lese nokre fleir barne- og ungdomsbøker fyrst. Til jul tenkjer eg. Eg ser jo og at handlinga finn stad ved juletider, får vone ho ikkje tek heilt av i juleørska! Men kjenner eg forfattaren rett (riktig nok etter berre å ha lese ei halv bok og litt meir) trur eg ikkje det.

Altså – meir kjem til jul ein gong.

fredag, oktober 05, 2007

Språklig kamelon?

Som den oppmerksomme leser av denne bloggen har fått med seg så skriver jeg noen ganger på nynorsk og noen ganger på bokmål, avhengig av hvilket språk eller rettere sagt mål boka jeg omtaler er skrevet på.

Dette kommer jeg til å fortsette med.

Siden vi er så heldige at vi har to skriftspråk i landet får vi jammen bruke dem. Selv om enkelte som kjent gjør det de kan for å sabotere.

Dessuten er det gøy å skrive på nynorsk.

Det underlige er at når eg skriv på nynorsk så er det mest som om dette språket gjer noko med meg. Eg vert liksom .... ja korleis skal eg no seie det, ein heilt, nei kanskje ikkje heilt men ein litt annan person. Om eg derimot vert ein betre eller verre person kan no ikkje eg svare på.

Ein annan ting som har slått meg er at det er mest som om det er ein slags likskap mellom mange nynorskforfattarar. Så det er kanskje slik at nynorsken gjer noko med ein. (Det kan og hende at dette er noko tull. (Antakeleg. ))
Uansett : Høyre, Frp eller andre : ingen kan få meg frå å skrive på dette målet!

PS: Gidder ikke å sjekke i den gule ordlista mi om det går an å skrive ”likskap” på nynorsk. Dessuten er det kommet ut en nyere utgave. (Men like gul og fin! Så det er då noko som er uforanderleg her i verda.)

PS 2: På bokmål blir jo ”likskap” litt mer makabert. Dette kunne man muligens lage en morsom vits av:
Nynorskingen : Er det noko likskap her?
Bokmålingen : ...

Andre varianter er sikkert også mulige

God helg!
(På begge målfører. Og her kunne man sikkert laget noe morsomt ordspill på skiføre/ uføre etc).

søndag, august 06, 2006

Smal litteratur

Nynorske barne- og ungdomsbokforfattare grunnar over framtida....

Scene:
På en litt sliten kafe - kaffistova? Nei, for resten- det er så godt vær for tida- la dem sitte ute. Det er sikkert noen uteserveringer på Vestlandet også. I bakgrunnen fjell (det må vel ikke nødvendigvis være Sunnmørsalpene...), fjorder (minst en) og en ferge MÅ det jo være. Eller en cruice-båt? Nix- det passer ikke inn synes jeg - dette er et mollstemt drama. Ingen fruktblomstring – dette er IKKE nasjonalromantikk. Møblene skal IKKE være heftige, men trenger ikke å være slitte. Ikke kafe-klappstoler som på enkelte cafeer i Oslo med ambisoner om å være continentale! Ved bordet sitter noen (4, eller kanskje 5?) halvgamle forfattere med hver sin kaffekopp. (Sorry jeg ser altså bare for meg menn... Rødme, rødme...) Nei stopp en halv - det er da slutt på alkoholrestriksjoner på Vestlandet nå. La dem nå få ha hver sin halvliter i neven. Det trenger de! Hva med sveler??? Eller en vestlandslefse? Av den typen som må BLØTES først. Nei, det går vel ikke an å dyppe sveler i ølet selv på Vestlandet?


- Korleis skal det gå med OSS når ho Guri slutar, då...
-Nei, det får vel gå som det går, no
Ja, då lyt me vel slutte å skrive smale bøker som det kallast.
-Ja, då blir det dei breie bøkene som gjeld, då
-Ja, det er vel ein tid for det og...
-Ja, vi lyt vel gå på slik barnebokforfattarskule og då, for å lære oss visse grep som er annleis enn når du skriv for vaksne-
-Ja det er vel ein tid for andre grep, no
-Ja, det blir grepa nok, det
-Ja, eit godt grep grip, det... (griper febrilsk etter skjortelomma, men der var det tomt gitt. Tabbe: rekvisitøren har glemt rullingsen!!!)
-Ja, hugsar de den gongen han Jon skreiv om desse ungkarshundane i midtlivskrise. Ja dei fann seg nokre artige damer, dei...
-Hørr! Hørr! Ja det var vel ikkje noko for born, det
-Nei, og dei vaksne ville jo heller ikkje ha det...
-Og då han Rolf skreiv om den gongen han var ein elvefiskar. Og elva seier yåyåyåyåyåyåyå
-Ja, det er vel slutt på at elvane seier yåyåyååyåyå no!
-Ja, kva elvane skal seie no er ikkje lett å seie
-Og dyffelen får du vel henge attende i skapet att no, Arnt.
-Ja, den heng vel godt der
- Og han Habakkuk får vel sjå å kome seg heimatt med eselet sitt
-Ja, han har vel ikkje noko i ei barnebok å gjere, han
-Og alle tullingane og galningane får vel bli friske no
-Ja, dei får slutte å slå folk i hovedet no
-Nei, det er vel ikkje noko gode føredøme det nei...
-Og ingen kan vel skrive om Gerhardsen meir no
-Nei, det er vel andre tidar no
-Ja, dei må vel kome dei og
-Ja, kven veit
-Men ølet er vel det same i alle tidar
-Ja, det er vel tid for ein øl til, no..
etc etc etc