Viser innlegg med etiketten Aina Basso. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aina Basso. Vis alle innlegg

onsdag, mars 07, 2012

Heksetid

Inn i elden av Aina Basso handlar om heksebrenning i Finnmark på 1600-talet. Forfattaren er sjølv historikar og boka har og vorte gjennomgått av ein fagkonsulent, så vi som lesarar skulle vere på trygg grunn. Det er og eit etterord i boka med historiske fakta og kjelder. Også litterært handsamar forfattaren stoffet godt. Dette har vorte ei spanande og truverdig framstilling av ei litt tung tid i norsk historie.

Det er tre stemmer i boka.
1) Dorthe, 16 år, bur i København, lyt meir eller mindre mot si vilje gifte seg med ein eldre mann og vert med til Finnmark. Sidan skjønar vi at han er lensherre med hekseprosessar som spesialitet. I Noreg lever ho altså i omgjevnader som er ganske annleis livet i frukthagen i København, og kjærleiken til og lengta etter spesielt veslesystera er fint skildra.

2) Elen er dottera til ei klok kone, ei sterk kvinne som lev livet utan nokon mann, og som hjelper folk med ulike problem. Vi får og ein forvarsel på at noko er i gjere då dei ser over til båla på andre sida av sjøen, og mora konstaterar at no byrjar det att. Resten kan dykk jo tenke dykk sjølve.

3) Den tredje stemma er skrive i kursiv. Mens både Dorthe og Elen er skrive i 1 person eintal ( eg – form altså, dersom det går rundt for nokon no; Dorte i no-tid og Elen i då – tid) er kursivstemma i tredje person, altså ho. Og dette er ikkje småtteri; ”ho” inngår pakt med sjølvaste djevelen, får via trolldom skip til å søkkje, skapar seg om i dyreham saman med andre kvinner etc. I forklaringa bak får vi vite kven dette er.
Då eg blogga om debutboka til Basso skreiv eg at ”kanskje hadde vi komme nærare personen dersom boka hadde vorte skrive i første person?” (OK, eg har tillate meg nokre kosmetiske endringar i dette sitatet av meg sjølv.) No trur jo ikkje eg at det er på grunn av det eg skreiv den gongen at forfattaren har brukt første person i denne boka, men eg trur det er eit smart grep. Elen og Dorthe kjem på kvar sin side i disse dramatiske hendingane, men vi får sympati for dei begge, sjølv om eg irriterar meg litt over kor lite bevisst ho Dorthe er.

Forfattaren flettar saman dei ulike stemmane, ofte med ein aldri så liten cliffhangar, noko som og driv handlinga framover. Og sjølvsagt ( vonar ikkje dette er nokon spoiler) møter dei og kvarandre. Dette er og kryssklippa saman på snedig vis.

Det er berre ein ting ved boka som forvirrar meg litt. Kursivstemma ( la oss kalle ho det ) deltar altså på heksesabbatar, møter djevelen og driv med trolldom. Dette heilt i tråd med denne tidas rettsprotokollar av tilståingar etter hard tortur. Men altså orsak eit naivt spørsmål. Dei dreiv vel ikkje med disse tinga i det verkelege livet? Eller er dette eit litterært grep for å illudere ei hard tid med undertrykking, redsle og overtru?



Dystre tider dette altså, og for verkeleg å slå an stemninga kan vi jo avslutte med litt passande musikk att.

tirsdag, september 09, 2008

Og så ein debutant att

Denne gongen ein historisk roman. Historiske romanar for born og unge kan no vere så ymse og det er fleire fellar forfattaren kan gå i her. Og det gjeld ikkje berre debutantar! Kanskje eg kjem til å blogge litt meir om dette ein gong men ikkje no.
  • Nokre gonger kan personane i boka vere svært notids, nett som om dei berre er putta i historiske kulissar.
  • Nokre forfattarar vil liksom syne kor mykje dei veit og skal stappe så mange opplysningar som vel mogleg i handlinga.
  • Samstundes skal jo boka og vere korrekt. Ein kan til dømes ikkje la personane spele med messinghorn i ei bok som handlar om vikingtida.
Eg tykkjer at denne debutanten kjem svært godt i frå det. Boka handlar altså om ei ung jente som vert misbrukt av stefar sin. Handlinga er frå 1734. Sidan forfattaren er historikar og ho nett har skrive ei masteroppgåve om ”blodskamsaker frå Trondheim Stiftamt 1729-1742 med utgangspunkt i Tukthuset i Trondheim” må ein rekne med at ho veit kva ho skriv om. Eg trudde i kvart fall på denne historia. Det er nok slik det kunne vere den gongen. Sjølv om forfattaren sikkert veit mykje om denne tida vert det ikkje påtrengande.

Det er berre ein ting eg undrar meg litt over. Sa ungdomane hei til kvarandre på 1700 – talet?

Det krevjande temaet incest, eller blodskam som det heitte på denne tida er og handsama utan å verte spekulativt og tabloid.

Språket er særs gjennomarbeida og som det står på vaskesetelen : det er ein poetisk roman. Men eg får ikkje heilt tak på ho Ingeborg. Kanskje det vert noko for poetisk - for meg i kvert fall. Og - kanskje hadde vi komme nærare personen dersom boka hadde vore skrive i første person? Men då måtte vel forfattaren ha forandra på språket. Det hadde vorte ei heilt anna bok.

Det er fleire ungdomar som har sagt til meg at dei likar best bøker som er skrive i ”eg-form”. Det kan nok ha sine årsaker. Kanskje eg skal blogge om dette ein gong – kanskje ikkje.

No er det snart tid for å spekulere på kven som skal få debutantprisen att. Ho Basso ligg godt an. Eg hadde vore særs forundra om ho ikkje i det minste vart nominert!

Ja farken og - no heldt eg på å gløyme tittelen på boka att : Ho heiter altså Ingen må vite.