mandag, november 28, 2011

Sjuande

Til mi store glede oppdaga eg at Arnt Birkedal er kome ut med ei bok att! Eg fann ho på ei K-fondliste på bibliotekarpostlista. Og det fortel jo kor viktig det er å følgje med på desse listene. Her kan det gøyme seg mange diamantar. Kvifor ikkje Birkedal har halde fram med å gi ut bøker på Samlaget er ikkje så lett å seie men det same kan det no og vere. Han Birkedal is back again! Boka heiter for resten La stå!!

Vi går rett på rollelista
  • Hovudpersonen er vaskehjelpa. Ho arbeider på ein skule på ei øy ute i havgapet (nærare bestemt sørvestlandet) og det er ho som fyrst oppdagar at
  • sjuande klasse, i alt 17 elevar, er borte vekk, til dømes
  • Jan Rune i solveggen som ropar ”jentelus”
  • Fleskepølse som drar seg i snabelen og breiar seg
  • Gjennomsiktige Caroline
  • Kurt og Knut og Kleng som gøymer seg i skapet mellom biblane og eskene og viskelêr, og mange fleir som eg ikkje gidd å skrive om her.
  • Læraren deira, som ”syklar og går sine egne vegar.”
  • Gymlæraren lyt vi kanskje og ta med, enda ein av desse som tvingar elevane til å hoppe over bukken anten dei får det til eller ikkje. ”Eg kryssa av på ”bestått” eller ”sånn passeleg”, ja, eller ”håplaust, håplaust, botn i bytta” og ”bare til å rista på hovudet og sjå ein annan veg og flira av”. Ha! Der fekk dei der! Alle gymlærarane.
  • Og sjølvsagt, ikkje å forgløyme ho lærarinna som omsette Donald Duck. ”Me satt i redaksjonen der og sulla, omsette boblar og fann på nye, artige, norske namn. Venta på nye seriar frå ”over there”, som dei seier, frå Junaiten.” (Eg reknar jo med at det er Helene Conradi Kløvstad (1903 – 1998 ) forfattaren siktar til, ho er nok for gamal til å ha jobba på denne skulen då handlinga finn stad, sidan det og er facebook og andre moderne greier med. Men det er no slikt eg likar hos denne forfattaren, denne herlege blandinga av anakronistiske krumspring!
  • Vi lyt og nemne ”ein klar, ferdig homse”. Han har ei diger vinylplatesamling som han ”delvis har arva frå ei skvær, avliden tante”.
”Som du vel veit, har eg vore så lenge i skapet mitt. Eg satt ei lita æve, sammanknytt, inni det skraverte mørkret der. Satt og venta på eit homsegny som bare må komma. Ja, for det må komma snart, må det ikkje?
Vaskehjelpa nikkar ivrig. S 23”
  • Vi må heller ikkje gløyme prospektkortknipsaren, som ”knipsa kvar husmannsplass, kvar bakevje. Villaen til kvar Fiinbeck, rønna til kvar Snøfte Smith”.
Location : Sørvestlandet, ferjeleier men og undersjøiske tunnelar, einsame busslommer, bibelgrupper etc. Og sjølvsagt sauer.

Korleis går det med denne sjuandeklassen? Finn vaskehjelpa dei att? Nei, det trur eg ikkje at eg skal røpe. Dykk for lese boka sjølve. Og ein bok med meir venleik, poesi, melankoli, humor og overraskande vinklingar og sprelske krumspring skal dykk leite lenge etter.

Kva vil forfattaren fortelje oss med denne boka, då?
  • Noko om ein ei skuletid som for evig er tapt? Kanskje forfattaren nett har vore på reuinion for sjuande klassen?
  • Eg tippar forfattaren med sjuande her meiner etter gamal modell. Det vil seie at dei då er 13 år, ein alder då dei er ein stad mellom barndom og ungdom.
  • Kanskje han og vil seie noko om draumen om den tapte barndomen. ”Hvor ble det av alle gutta? ” liksom. Eller som desse gamlingane syng så vakkert om i denne tyske folkesong.
  • Sjølv om mange i klassen hadde sine pussige eigenskapar, nokre skikkeleg irriterande så hadde dei eit fellesskap (UUPS: stavekontrollen godtek ”fellesskap, gitt. Det hadde eg aldri trudd!) - på godt og vondt. (Eg har sjølv ikkje opplevd ein slik klassefellesskap sidan eg aldri gjekk meir enn nokre få år i den same klassen, men då eg vart litt eldre skjøna eg at dei andre i den klassen eg då gjekk i hadde nokre felles minner og referansar. )
  • For å seie det med han Roy Orbinson; It takes all kinds of people to make a world.
Eg har jo og tidligare gjort litt leven av at Arnt Birkedal burde få litteraturprisen. Kan han ikkje berre få den no då?

Til slutt litt privat nostalgi så dei som er lei av kjerringmimring kan eigentleg berre slutte å lese her. Eg hugsar og disse bibelplansjane som forfattaren skriv om. Dei var skikkeleg stilige. Mellom anna var det ein fin fargerik plansje av Josef frå det gamle testamentet i gilde fargar. Han med dei 7 brørne dykk veit. (Hugs at dette er for skikkeleg mange år sidan, då bilete ikkje var så vanlege som no. )

Donald Duck har eg og eit sterkt forhold til. Eg hugsa far min kjøpte Donald kvar .... tysdag, var det vel og las det høgt for meg. Det var faktisk Donald som lærte meg å lese. Den gongen kosta bladet 1 krone og det var framleis Carl Barks som var laga mange av teikneseriane.

I boka er og Lille Lulu nemnt. Sida dette var favoritten min i barndommen kan vi jo ta med eit bilete av denne figuren og.

Ingen kommentarer: