søndag, juni 13, 2010

Ikke noe gæernt med blondiner! Men...

Så har eg lese ei bok i IKON-serien att. Denne gongen er det om Diana (ja dykk VEIT kven eg meiner) og det er Ingelin Røssland som er forfattaren. Herregud tenkte eg fyrst, eg synst då ikkje at denne glamorøse blondina passar så godt til den type jenter Røssland til vanleg skriv om men så skjøna eg at det var eit oppdrag. Då ho Diana så tragisk døydde sat eg saman med ein måpande 13-åring og såg på Dagsrevyen. (Heile Dagsrevyen handla ikkje om noko anna den kvelden, bortsett frå vermeldinga). Og Røssland ( som då var 21) såg og med undring ”korleis folk gret som om dei hadde mista ein nær venn eller kjær slektning.” Så ho vert nysgjerrig på denne Diana og freistar til dømes å forklare kvifor det gjekk så gale med Diana og han Charles.

Dette er ei nøktern skildring, og forfattaren vil og få unge jenter til å forstå kvifor dei ikkje burde satse livet og lykka si på å finne ”den rette” slik Diana gjorde. Vi får vone at dette når fram til i det minste nokre av dei unge lesarane. Eg likte og at forfattaren ikkje dømer nokon. Det er ikkje slik at nokon er skurken ( Charles og Camilla til dømes) og andre (Diana) berre er eit hjelpelaust offer.

Ho kjem og inn på det sosiale engasjementet (til dømes AIDS-saka ), minesaken etc. Og den fantastiske utstrålinga hennar. (Og av dette kan vi kanskje lære at venleik skal ein ikkje kjimse av!)

Boka kjem og inn på det der omtalte intervjuet i 1995. (Heilt hmmm... tilfeldig såg eg faktisk dette intervjuet då det vart synt på TV. Diana, det var nok ikkje det smartaste du gjorde! Alt ligg og ute på YouTube. Dykk kan finne fram til det sjølve dersom dykk orkar. Kanskje dykk og finn klippet med den berømte replikken
”There were three of us in this marriage, so it was a bit crowded” .
(Det skal du ha Diana, denne replikken er vorten ein klassikar! 10 400 treff på google i dag! )
Nei no finn vi heller fram til Elton John som syng Candle in the wind på begravinga hennar.

Så over til layouten. Dersom ein i det heile kan snakke om noko slikt. IKON-serien glimrer jo ikkje akkurat med fremragende ustyr. Billedmaterialet er - som jeg har vært inne på før – pent sagt beskjedent. (Akkurat til vårt bruk spiller jo dette ingen rolle) men Gyldendal, hvor HAR layoutarbeideren vært, hvis dere i det hele tatt har brukt noe sånt? Og den der intetsigende stjerna som sidefyll!
” IKON er serien om det 20. århundres største forbilder, skrevet av forfattere som gløder av engasjement. Flere hundre ungdommer har vært med på å plukke ut sine ikoner”.
Og nå er det at jeg virkelig begynner å lure. Av mannlige IKONer har vi både Nelson Mandela, Che Guevara og nå Bob Dylan (brave herrer alle tre) men av de kvinnelige ”ikonene” finnes foreløpig
  • Madonna (en avdanka popstjerne)
  • Marilyn Monroe (som bestemødrene deres så på kino)
  • Og altså nå Diana, som døde for tretten år siden! Da var dagens ungdom knapt nok kommet ut av bleiene!
Alle tre profilerte på grunn av sitt utseende (nei det er ikke NOE gæernt i å være vakker – ei heller blond - men det var liksom ikke det som var poenget her.) Har ikke unge jenter i dag andre kvinnelige forbilder? Ser også at neste kvinne ut er Astrid Lindgren – den kanskje beste barnebokforfatteren noensinne og kanskje BURDE hun ha fått nobelprisen etc etc – men som UNGDOMS-ikon? Hva ER gæernt med ungdommen nå til dags? Og de skal holde liv i meg når jeg går av med pensjon!

PS: jeg KUNNE også ha valgt å lese Bob Dylan av Stein Erik Lunde som er kommet ut samtidig med denne. Men valgte altså en prinsesse foran en av vår tids store musikkpersonligheter og mulig nobelpriskandidat. Og jeg som er republikaner og alt mulig! Hva HAR jeg å si til mitt forsvar. Litt sultefora på glamour, kanskje?

Og : apropos Bob Dylan: mye kan sikkert sies om min generasjon, men vi hadde IKKE de samme heltene som DATIDENS besteforeldre hadde i SIN ungdom!

Ingen kommentarer: