Dei som er med;
- Idun, den flinkaste i klassen, eit talent i springing, mellomdistansar, 16 år, jomfru... nei kva heiter no det i dag då, seksuell uerfaren, ja i kvert fall har ho enno ikkje lagt med nokon, i motsetnad til
- Mai, kusina, som ligg med ”alle”. Ho skal bu hos Idun og mora hennar ei stund for å kome seg bort litt, vi får vel og ta med
- mødrene deira, skildringa av det skjøre forholdet mellom dei fire er framifrå skriving. Men fyrst og fremst er det jo forteljinga om dei to kusinene og den påverknaden Mai har på Idun ein sentral del av boka, og til slutt
- Johan og Anders, to fangar, som sit i fengsel.
Boka sluttar med at ... ja dette kan nok tolkast på ulike vis, men eg veljar å tru at når det gjeld ho Idun skal slutten skjønast positivt. Ho har no nådd eit viktig vendepunkt i livet sitt.
Teksten har ei illevarslande undertone. Lesaren sit liksom på ank gjennom heile boka. Eller vert fengsla for å gjere eit ordspill av tittelen. Boka er berre på 138 sider men dei vert nytta godt. Kva er det Samlaget gjer med forfattarane sine? Eg klagar jo i bloggpost etter bloggpost over altfor lange og ordrike ungdomsbøker, men dette gjeld ikkje for Samlagets. (Dersom ein då ser bort frå fantasybøkene deira, dei er like lange som alle andre bøker i denne sjangeren brukar å vere). Er det noko med nynorsken som gjer at ein kan få sagt mykje med færre ord eller er det konsulentane som helt forfattarane i øyra?
Boka er og av dei som er nominerte til Brageprisen. Vel fortent. Denne gongen har altså to bøker i klassen for barne- og ungdomsbøker noko med fengsel å gjere, sjølv om dette ikkje er hovudpoenget med denne boka.
Har eg forresten sagt kva bok eg skriv om? Nei, då, det har eg nok gløymt att, orsak orsak! Boka heiter altså Fengsla og forfattaren er Hilde K. Kvalvaag. (Kva nå den K-en måtte stå for.) Sentralt i handlinga er altså eit fengsel som ligg på ei øy. Fangane her har noko meir fridom enn i dei fleste andre fengsla. Eg har lurt litt på om det er eit spesielt fengsel Kvalvaag skriv om, og eg lurer litt på om det kanskje kan vere Osterøy. Dette er ikkje på nokon måte viktig for handlinga, men det er jo ikkje forbode å vere nysgjerrig.
Eg lurar og på - heller ikkje spesielt viktig kanskje – men det ser ut som at forfattaren har god greie på springing, og då spesielt mellomdistansar. Hadde ikkje boka slutta slik ho gjorde kunne eg satt ”løping” som emneord for akkurat dette er det ikkje så mykje om i ungdomslitteraturen. Det er mest i fotball det går. For å bøte på dette sørgjelege faktum kan vi jo trøyste oss med Keep running away med gruppa The Four Tops sjølv om denne songen strengt teke ikkje har noko med mellomdistansespringing å gjere! Men ein fin song!
PS: Og apropos denne Brageprisen: så kan ein jo sjølvsagt diskutere om det var dei rette bøkene som vart nominerte i klassa for barne- og ungdomsbøker, eg synest vel kanskje at og Hilde Hagerups bok som eg har blogga om før i begeistra vendingar skulle ha vore blant dei fire! Men eigentleg skiter eg i heile Brageprisen. Kan vel legge til at når det gjeld vaksenbøkene vonar eg at Beate Grimsrud får prisen med boka si. Sjølv om eg ikkje har lese nokre av bøkene i denne klassa. Og då er det vel på høg tid å slutte før eg vert alt for usakeleg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar