Boka handlar og om livet i kjernefamilien, kor avhengige ungane er av foreldras kjærleik, kor kjenslevare dei er for stemninga i heimen og kor snart dei skjønar det når det er ugreie mellom foreldra. Dei er berre så heilt avhengige av dei!
Men det hender noko med Jolver i denne boka. Tilhøva mellom Jolver og foreldra vert forandra. Ho mor byrjar forstå at han Jolver tek til å få sin eigen vilje no. Og Jolver skjønar at mor skjønar det. Boka handlar altså og om frigjering. No gidd ikkje eg å mase om målgrupper og slikt, men vaksne har og nytte av å lese denne boka. Foreldre til dømes.
Det er tre år sidan sist Rune Belsvik kom ut med ei bok for born. Den siste boka var Tøddel Blisterplytt, den andre boka frå Bløygen, og ho var av det meir burleske slaget. No har forfattaren tatt i bruk eit enklare og meir strippa uttrykk. Det er heilt imponerande kor mykje han får fram med enkle setningar og få sider. Det er mykje dramatikk i denne boka!
Så no er eg spent på den neste barneboka av denne forfattaren.
- Kjem han til å gå vidare med denne enklare stilen?
- Kanskje lyt vi for alltid ta farvel med Dustefjerten og det vesle landet ved bekken?
- Farvel Dustefjerten, du var no ein artig kar!
- Time vill show!
Faktisk er det berre 3, 2, 1 eller 0 menn som har Jolver som første fornavn. Og for dei som lurar : Det er og berre 3, 2, 1 eller 0 kvinner som har Jolver som første fornavn.
No skal eg jammen meg google Jolver. Sjå her ja: dersom eg googlar Jolver ”berre på norsk” får eg omlag 191 sider som inneheld "Jolver". Og sidan eg no er så nysgjerrig tek eg meg tid til å sjekke desse linkane. Alle handlar om ei av desse to bøkene om Jolver d.e. og d. y. !
- Kvifor nett dette namnet?
- Har forfattaren funne på namnet sjølv?
- Og betyr det noko?
- Kva dersom vi skriv namnet baklenges?
- Då vert det Revloj
- Nei dette vert eg ikkje klok på altså!
- Nestemann som skal ha intervju med forfattaren lyt spørje om kva meining det er med dette namnet.
- Elles kjem eg til å gruble meg i hel.
Men no gidd eg ikkje linka ein drit meir!
8 kommentarer:
Bra, Eli! Bra som alltid!
Je vous remercier!
Ou peutêtre on peut se tutoyer!
Oui. On va bien évidemment se tutoyer. Et on se voit bientôt à Oslo, d'accord ? Le samedi 25 octobre, à NBU, tu seras là ? Ça me ferait tant plaisir.
Le samedi 25 octobre, je suis à Paris! Que est-ce que se passe à NBU ? J’éspere que tu aura un agréable séjour à Oslo!
Ce qui se passe ? C'est la remise du prix… You know? Celui que tu as eu il y a deux ans. Cette année, c'est ma collègue Gabriele et moi qui l'obtenons. Mais chuuut !
Ah oui! Toi et Gabriele Haefs ? Je te félicite ! Je crois que ce - est toujours un secret. Mais je promis de ne rien révéler ! Je crois que je sais ton nom aussi, j’ai cherché dans la bibliographie nationale norvegienne.
(La langue française est si belle et claire mais très difficile !)
Pokker!!
Det heter Je promets!
Oui, en effet, je crois que c'est encore un peu secret. Et, oui, la langue française, en plus d'être très conservatrice, est d'une difficulté épuisante. Mais je trouve que l'écris avec maestria !
Legg inn en kommentar